Keurusselkä
Keurusselkä er ein innsjø sentralt i Keski-Suomi i Finland mellom tettstadane Keuruu i nord og Mänttä i sør. Han dekkjer eit areal på 117,30 km². Middeldjupet er 6,4 meter, men på det djupaste er han 40 meter. Overflata ligg 105,4 meter over havnivå. Innsjøen er 27 km lang, og er ein del av nedslagsfeltet til Kokemäenjoki. Keurusselkä fekk internasjonal presseomtale i 2004 då eit par amatørgeologar oppdaga eit eldgamalt nedslagskrater på vestsida av innsjøen.
Keurusselkä | |||
innsjø | |||
Satellittbilete av området rundt Keurusselkä region. Nedslagskrateret er merkt med kvit sirkel, medan raud sirle markerer området ein har funne slagkjegler i.
| |||
Land | Finland | ||
---|---|---|---|
Område | Keski-Suomi | ||
Høgd over havet | 105,4 moh. | ||
Lengd | 27 km | ||
Areal | 117,30 km² | ||
Middeldjupn | 6,4 m | ||
Største djupn | 40 m | ||
Koordinatar | |||
Keurusselkä 62°11′00″N 24°41′00″E / 62.183333333333°N 24.683333333333°E |
M/S «Elias Lönnrot», ein av to hjuldamparar i Finland, har turar på innsjøen om sommaren.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Keurusselkä» frå Wikipedia på engelsk, den 1. april 2007.