Kfar Aviv
Kfar Aviv (hebraisk skrift כְּפַר אָבִיב, tyder 'Kjeldelandsbyen') er ein moshav sentralt i Israel, nær Ashdod. Han er ein del av Gederot regionale kommune.
Kfar Aviv | |||
kibbutz | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Sentral | ||
Kommune | Gederot | ||
Koordinatar | 31°49′53.03″N 34°43′17.39″E / 31.8313972°N 34.7214972°E | ||
Areal | 2 km² | ||
Folketal | 820 (2019)[1] | ||
Grunnlagd | 1951 | ||
• Grunnlagd av | Egyptiske immigrantar | ||
Kfar Aviv 31°49′53″N 34°43′17″E / 31.831397222222°N 34.721497222222°E | |||
Kart som viser Kfar Aviv.
| |||
Wikimedia Commons: Kfar Aviv | |||
Nettstad: www.gderot.com/v_kfar_aviv.asp |
Kfar Aviv vart grunnlagd i 1952 av Jewish Agency. Han var meint å ta i mot immigrantar til Israel frå Egypt. Det opphavlege namnet var Kfar HaYeor (hebraisk skrift כפר היאור, tyder 'Nil-landsbyen'). Namnet «Kfar Aviv» vart gjeve som ein referanse til utvandringa til jødane frå Egypt, som skjedde om våren i følgje Torahen (Andre mosebok 34:18). Etter kvart tok landsbyen i mot familiar frå Polen òg.[2]
Dei fleste innbyggjarane i landsbyen arbeider andre stader.[3]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kfar Aviv» frå Wikipedia på engelsk, den 25. juli 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://citypopulation.de/en/israel/central/rehovot/0857__kefar_aviv/.
- ↑ Mapa's concise gazetteer of Israel. Yuval Elʻazari (red.). Tel-Aviv: Mapa Publishing. 2005. s. 282. ISBN 965-7184-34-7. (he)
- ↑ «Kfar Aviv». Gderot.com. Henta 24. juli 2015. (he)