Kfar Giladi (hebraisk skrift כְּפַר גִּלְעָדִי, tyder Giladilandsbyen) er ein kibbutzGalileastripa nord i Israel.[2] Han ligg sør for Metula i Naftalifjella ovanom Huladalen og langs den libanesiske grensa, og høyrer til Øvre Galilea regionale kommune.

Kfar Giladi
landsby
'בית ראשונים' בכפר גלעדי.jpg
Huset til grunnleggjarane
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Nord distrikt
Kommune Øvre Galilea
Koordinatar 33°14′33″N 35°34′30″E
Folketal 499 (2008) [1]
Grunnlagd 1916
 - Grunnlagd av Hashomer-medlemmar
Tilhøyrsle Kibbutz-rørsla

Kfar Giladi
33°14′33″ N 35°34′30″ E
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Kfar Giladi

HistorieEndra

Kibbutz Giladi vart grunnlagd i 1916 av medlemmar frå Hashomer på landområde som høyrte til Jewish Colonization Association. Han vart kalla opp etter Israel Giladi, som var med på grunnlegginga av Hashomer-rørsla. Grensene i området vart justert av britane og franskmennene og i 1919 gav britane frå seg den nordlege delen av Øvre Galilea med Tel Hai, Metula, Hamra og Kfar Giladi til franske styresmakter. Etter det arabiske åtaket på Tel Hai i 1920, vart landsbyen for ei stund fråflytta. Ti månader seinare kom nybyggjarane attende. Fleire gamle bygningar står i dag i kibbutzen til minne om dei tidlegare slaga på staden, både før og under den israelsk-arabiske krigen i 1948.

Mellom 1916 og 1932 var folketalet i 40–70. I 1932 tok kibbutzen i mot 100 nykomarar, hovudsakleg unge immigrantar. Frå 1922 til 1948 vart mellom 8 000–10 000 jødiske immigrantar smugla inn i Palestina gjennom Kibbutz Giladi, etter at Mandatstyresmaktene la ned forbod mot jødisk immigrasjon.[3] Immigrantane kom frå Syria, Libanon, Tyrkia, Irak, Afghanistan og Aust-Europa.

I ein operasjon kalla Mivtzah HaElef, vart 1 300 jødiske barn smugla ut av Syria mellom 1945 og 1948. I kibbutzen vart barna kledde i arbeidarklede og gøymde i hønsebur og fjøs.[3]

6. augsut 2006, under Libanonkrigen i 2006, vart 12 reservesoldatar i det israelske forsvaret drepne etter at dei art råka av ein Katyusha-rakett frå Hizbollah i Sør-Libanon.

KjelderEndra

  1. «Locality File» (XLS). Israel Central Bureau of Statistics. 2008. Henta 30. mars 2015. 
  2. A fine and public place, Haaretz
  3. 3,0 3,1 Eli Ashkenazi, "Kibbutz celebrates past as pre-state gateway to Holy Land", Haaretz, 24. desember 2012.

BakgrunnsstoffEndra