Kfar Netter (hebraisk skrift כְּפַר נֶטֶר, tyder Netter-landsbyen) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg på kystsletta nær Netanya og høyrer til Hof HaSharon regionale kommune. I 2006 hadde han 765 innbyggjarar.

Kfar Netter
כְּפַר נֶטֶר
landsby
Land  Israel
Region Kystsletta
Distrikt Sentral
Kommune Hof HaSharon
Koordinatar 32°16′17.03″N 34°52′13.43″E / 32.2713972°N 34.8703972°E / 32.2713972; 34.8703972
Folketal 1 159 (2021)[1]
Grunnlagd 26. juni 1939
 •  Grunnlagd av ferdigutdanna elevar ved Mikveh Israel
Tilhøyrsle Jordbruksunionen
Kart
Kfar Netter
32°16′17″N 34°52′13″E / 32.271388888889°N 34.870277777778°E / 32.271388888889; 34.870277777778
Wikimedia Commons: Kfar Netter

Moshaven vart grunnlagd den 26. juni 1939 av ferdigutdanna elevar ved Mikveh Israel jordbruksskule som ein del av tårn og palisade-busetjingsprosjektet. Han vart kalla opp etter Charles Netter, som grunnla Mikveh Israel.

Bakgrunnsstoff

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www.cbs.gov.il/he/publications/doclib/2019/ishuvim/bycode2021.xlsx.