Opna hovudmenyen

Khalid Boulahrouz

nederlandsk fotballspelar

Khalid Boulahrouz (fødd 28. desember 1981 i Maassluis i Zuid-Holland) er ein nederlandsk fotballspelar med marokkanske foreldre som har spela for Stuttgart i tysk Bundesliga og det nederlandske landslaget. Han debuterte for A-landslaget 3. september 2004 i ein kamp mot Liechtenstein. Han var med i Nederland sin tropp til fotball-VM i 2006 der han vart utvist i åttedelsfinalen mot Portugal etter to gule kort. Til fotball-EM i 2008 var han opphavleg ikkje teken ut i troppen, men kom med etter at Ryan Babel vart skadd. Han spelte frå start i gruppekampane i EM. I fotball-VM i 2010 var han igjen med i troppen, men ikkje i førsteellevaren. Han spelte frå start i den siste gruppekampen, mot Kamerun, og i semifinalen mot Uruguay.

Khalid Boulahrouz
Khalid Boulahrouz.jpg
Personleg informasjon
Fødd 28. desember 1981
Fødestad Maassluis i Nederland
Høgd 185 cm
Posisjon Forsvarsspelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Stuttgart
Nummer 21
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2001-04
2004-06
2006-08
2007-08
2008-
Nederland Waalwijk
Tyskland Hamburg
Flag of England.svg Chelsea
Spania Sevilla (lån)
Tyskland Stuttgart
64 (4)
52 (2)
13 (0)
6 (0)
27 (0)
Landslag
2004- Nederland Nederland 30 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 25. juni 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 25. juni 2010