Opna hovudmenyen
Khantifamilie frå landsbyen Tegi ved Ob.
Foto: Merja Salo, 2013
Kart over Russland med Khanty–Mansia okrug avmerkt.

Khantiar (i eldre litteratur ostjakar) er ei urfolksgruppe frå Sibir i Russland. Dei lever hovudsakleg i den sjølvstyrte regionen Khanty-Mansia, der det også bur mange mansiar. I denne regionen har språka deira khanti og mansi status som offisielle språk saman med russisk.

I den russiske folketeljinga frå 2010 var det 30 943 personar som identifiserte seg sjølv som khantiar.[1] Av desse budde 26 694 i Tjumen oblast, og av desse igjen heldt 17 128 til i Khanty–Mansia og 8 760 i Jamalo-Nenets okrug. 873 budde i nabooblasten Tomsk, og 88 i Republikken Komi.

KjelderEndra

FotnotarEndra

  1. «ВПН-2010», www.gks.ru, henta 23. oktober 2018 
  Denne samfunnsartikkelen som har med Russland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.