Khanti

(Omdirigert frå Khantisk)

Khanti (tidlegare ostjakisk) er eit ugrisk språk i den uralske språkfamilien som blir snakka i Khanty-Mansia i Vest-Sibir i Russland.

Khanti
ханты ясаӈ
Klassifisering uralsk
 ugrisk
  obugriske språk
Bruk
Tala i Russland
Område Khanty-Mansia
Khantitalande i alt 9580 (2010)[1]
Rangering Ikkje topp-100
Skriftsystem kyrillisk
Offisiell status
Offisielt språk i Khanty-Mansia
Språkkodar
ISO 639-3 kca
Glottolog khan1279

Utbreiing endre

I 1959 vart khanti tala av 77 % av eit folketal på 19 410 khantiar. I 1970 var tala 68,9 % av 21 138, i 1989 60,5 % av 28 678, i 2002 48,8 % av 28 678 og i 2010 31,0 % av 30 943.

Dialektar endre

Khanti er eigentleg tre ulike språk (nord-, aust- og sørkhanti), som kvar for seg er delt opp i svært mange dialektar.

Skriftspråk endre

Før den russiske revolusjonen vart det publisert ein del religiøse skrifter på khanti. Rett etter revolusjonen fekk khanti, som så mange språk i Sovjetunionen, eit eige skriftspråk, basert på det latinske alfabetet. I tråd med skiftet i den sovjetiske politikken i 1935 vart dette skriftspråket skifta ut med eit skriftspråk det kyrilliske alfabetet.

Fotnotar endre

  1. "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010

Litteratur endre

  • Honti, László 1984: Chrestomathia ostiacica. Tanköyvkiadó, Budapest.
  • Steinitz, Wolfgang 1950: Ostjakische Grammatik und Chrestomathie. Mit Wörterverzeichnis, Otto Harrasowitz, Leipzig.
  • Steinitz, Wolfgang 1975: Ostjakologische arbeiten I, Mouton Publishers, The Hague - Paris - New York.

Glottolog sin bibliografi over khantisk språkforsking