Khantiar
(Omdirigert frå Khantyar)
Khantiar (i eldre litteratur ostjakar) er ei urfolksgruppe frå Sibir i Russland. Dei lever hovudsakleg i den sjølvstyrte regionen Khanty-Mansia, der det også bur mange mansiar. I denne regionen har språka deira khanti og mansi status som offisielle språk saman med russisk.
I den russiske folketeljinga frå 2010 var det 30 943 personar som identifiserte seg sjølv som khantiar.[1] Av desse budde 26 694 i Tjumen oblast, og av desse igjen heldt 17 128 til i Khanty–Mansia og 8 760 i Jamalo-Nenets okrug. 873 budde i nabooblasten Tomsk, og 88 i Republikken Komi.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Khanty» frå Wikipedia på engelsk, den 23. oktober 2018.
- Fotnotar
- ↑ «ВПН-2010», www.gks.ru, arkivert frå originalen 15. mars 2013, henta 23. oktober 2018
Denne samfunnsartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.