Khrysopigi Devetzi

Khrysopigi Devetzi (fødd 2. januar 1976) er ein gresk tidlegare lengde- og tresteghoppar frå Alexandroúpoli. Ho vann sølvmedaljen i tresteghopp i OL 2004 og EM 2006. I 2007 og 2008 tok han bronsen i same øvinga ved høvesvis VM i Osaka og sommarleikane i Beijing, begge desse prestasjonane vart annullerte i 2016.

Khrysopigi Devetzi


Fødenamn Χρυσοπηγή Δεβετζή
Statsborgarskap Hellas
Fødd 2. januar 1976 (48 år)
Alexandroúpoli
Idrett friidrett
Tok del i Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, EM i friidrett 2002, VM i friidrett 2003, VM i friidrett innendørs 2004, 2004 IAAF World Athletics Final, EM i friidrett innendørs 2005, Middelhavslekene 2005, 2005 IAAF World Athletics Final, EM i friidrett 2006, 2006 IAAF World Athletics Final, 2006 IAAF World Cup, VM i friidrett 2007, 2007 IAAF World Athletics Final, Sommer-Militærlekene 2007, VM i friidrett innendørs 2008

Aktiv

endre

Devetzi gjorde store framsteg i tresteghopp i 2002 og -03-sesongane. Den 4. mars 2003 sette ho gresk rekord i øvinga med eit hopp på 14,84 m i Peanía. Under dei olympiske leikane i Aten i 2004 forbetra ho i kvalifiseringa den greske rekorden til 15,32 meter, einast tre andre kvinnelege tresteghopparar har hoppa lengre i øvinga. I finalen landa ho på 15,25 m i sitt bestehopp, noko som gav henne sølvmedaljen, 5 cm bakom Françoise Mbango Etone frå Kamerun.

I VM 2005 enda Devetzi på femteplass i tresteghopp. Den 10. juni 2006 gjorde ho personbeste i lengdehopp med 6,83 meter ved eit stemne i Tríkala. Seinare i sesongen tok ho leiinga i EM-finalen i tresteg med eit årsbestehopp som målte 15,05 m. Leia gjorde ho til den sjette og siste omgangen. Tatjana Lebedeva frå Russland nådde 15,10 m i sitt siste hopp og snappa gullmedaljen frå Devetzi.

Både i Osaka-VM 2007 og Berlin-OL 2008 vart Devetzi tildelt bronsemedaljen i tresteghopp, to medalje-plasseringar som begge vart underkjende i 2016.

 
Devetzi, til høgre, på sigerspallen under VM 2007, med ein medalje ho vart frådømd i 2016

Doping

endre

I mai 2009 nekta Devetzi å stille til dopingkontroll. Ho vart då utestengd frå friidretten i to år og la opp. År 2016 viste nye testar av Devetzi sine dopingprøver frå august 2007 spor etter stanozolol. Alle hennar prestasjonar frå Friidretts-VM 2007 og til ho la opp vart då annullert. Dermed mista ho bronsemedaljane frå VM 2007 og OL 2008.[1]

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

endre

Referansar

endre
  1. 1,0 1,1 «IOC sanctions 16 athletes for failing anti-doping tests at Beijing 2008» (på engelsk). International Olympic Committee. 17. november 2016. Henta 10. mars 2023. «Chrysopigi DEVETZI, 41, of Greece, competing in the women’s triple jump event, has been disqualified from the Olympic Games Beijing 2008, in which she ranked 3rd and for which she was awarded a bronze medal. Reanalysis of Devetzi’s samples from Beijing 2008 resulted in a positive test for the prohibited substance stanozolol.» 

Kjelder

endre