Kildinsamisk ortografi

Kildinsamisk ortografi har det siste hundreåret vore gjennom ulike fasar, frå kyrillisk til latinsk alfabet og attende til kyrillisk.

Den første kyrilliske periodenEndra

Under tsartida vart det publisert eit par religiøse småskrift på kildinsamisk.

Den latinske periodenEndra

Etter den russiske revolusjonen var den sovjetiske språkpoltitikken at alle minoritetsspråka i Sovjetunionen skulle få eigne skriftspråk, og at alle skulle lære å lese og skrive og få skoleopplæring på sitt eige språk.

I 1932 drog ei gruppe frå Institut Narodov Severa til Notozero for å studere samisk. Resultatet vart ei ABC-bok basert på kildinsamisk (men med ein del trekk frå notozerosamisk), utgjeve i 1933. Sentral i dette arbeidet var A.G.Endjukovskij.[1] Grunnen til at kildindialekten blir lagt til grunn oppgir Endjukovskij til å vera det at dialekten er både sentral reint geografisk og talmessig mykje større enn dei andre dialektane. Med unntak av notozerodialekten (som er ein dialekt av skoltesamisk) er skilnaden koladialektane imellom meir leksikalsk enn eigentleg grammatisk, slik at Endjukovskij konkluderer at det er mogleg å skape eitt samisk skriftspråk. På bakgrunn av arbeid utført på reisa i 1933 publiserte Endjukovskij også skolebøker i lesing og rekning, grammatiske oversikter, eit par barnebøker, og politiske brosjyrar.

Den andre kyrilliske periodenEndra

I 1937 vart det latinske alfabetet bytta ut med det kyrilliske. Endjukovskij publiserte også dei to lærebøkene som kom på kyrillisk i 1937, ei ABC-bok og ei lesebok. I følgje Georgij Kert stoppa undervisninga i samisk i 1937[2], dvs. samtidig med omlegginga av den sovjetiske politikken[3].

Kildinsamisk deler skjebne med dei andre finskugriske minoritetane som grensar til Finland, også karelsk og vepsisk mista dei språklege rettane sine etter andre verdskrigen, og ei mogleg tolking er at Sovjetstaten hadde tryggingspolitiske grunnar til å vere ekstra ivrig med ryssifiseringspolitikken i desse grensestroka.

Den tredje kyrilliske periodenEndra

1976 blei ei ny arbeidsgruppe for samisk språkplanlegging etablert som ei avdeling innom utdanningsseksjonen ved kommunistpartiets Sentralkomitéen i Murmanskområdet. I gruppa arbeidde dei to samiske lærarar Aleksandra Antonova og Boris Gluhov under leding av Rimma Kurutsj. Undervisninga i kildinsamisk vart teke opp av gruppa på slutten av 1970-talet i Lovozero. Kurutsj hevdar at grunnen til at undervisninga på samisk skulle startast opp att var at ein hadde komme fram til at samiske barn hadde så mange interferensfeil i russisken sin at deira morsmål ikkje kunne vera russisk, og at ein derfor måtte gå inn for samisk som fag i skolen.

I 1982 kom den første ABC-boka ut, skrive i den nye ortografien av Antonova. Arbeidsgruppa, som seinare hadde fleire andre samiske medarbeidarar, står bak omfattande læremiddel og kursmateriale for språkundervisning. Arbeidsgruppa laga også den store kildinsamisk-russiske ordboka («Den raude ordboka») frå 1985. Ordboka omfattar ein normativ oversiktsgrammatikk av kildinsamisk som vart skrive av Kurutsj.

FotnotarEndra

  1. (Endjukovskij 1937)
  2. Kert 1975:210
  3. For omlegginga i 1937, sjå Sovjetisk språkpolitikk

LitteraturEndra

  • Endjukovskij, A.G. 1937: Saamskij (loparskij) jazyk. Jazyki i pis'mennost' narodov severa. tsjast' I. Moskva-Leningrad.
  • Kert, Georgij Martynovitsj 1975:Saamskij jazyk. Osnovy finno-ugorskogo jazykoznanija. Pribaltijsko-finskie, saamskij i mordovskie jazyki. pp.203-247. Moskva.
  • Rießler, Michael. Towards a digital infrastructure for Kildin Saami. I Sustaining Indigenous Knowledge, red Erich Kasten, Erich; Tjeerd de Graaf. Fürstenberg, 2013, 195–218.
  • Utvik, Unni K. 1985: Kolasamene - fra tsarens undersåtter til sovjetiske borgere. Hovedoppgåve, Russisk institutt, Universitetet i Bergen.