Kilkís
Kilkís Lokalt namn Κιλκίς | |
---|---|
![]() | |
Geografi | |
![]() | |
Stad | Makedonía |
Koordinatar | Koordinatar: |
Areal | 1 581,2 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining |
Sentral-Makedonía Kilkís |
Hovudsete | Kilkís (22 914 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 51 926 (2011[1]) |
Folketettleik | 32,4 /km² |
Kilkís (gresk Κιλκίς, slavisk Кукуш, Kukuš, tyrkisk Kılkış) er ein kommune og ein industriby i periferieininga med same namn i Sentral-Makedonía i Hellas, der han er hovudstad.
Historie Endra
Byen vart styrt av Det osmanske riket før han vart teke av Bulgaria under den første balkankrigen i 1912. I den andre balkankrigen i 1913 erobra den greske hæren byen etter eit tre dagar langt slag 19. til 21. juni. Den greske sida mista over 5 000 soldatar, medan Bulgaria mista 7 000 og den greske sigeren var eit stort steg mot siger i krigen. Kilkís vart nesten lagd i grus under krigen og dei bulgarske innbyggjarane vart flytta til Bulgaria etter Neuillytraktaten. Den nye byen vart bygd opp att nærare jernbanen til Thessaloníki og vart busett av grekarar frå Bulgaria og Vesleasia.
Bulgaria okkuperte byen igjen under den andre verdskrigen, men han vart frigjeve i 1944.
Administrativ inndeling Endra
Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane
Dei sju tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]
Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen 51 926 innbyggjarar, medan kommunaleininga Kilkís hadde 28 745 og tettstaden med same namn 22 014 innbyggjarar.[1]
Byar og tettstader Endra
Dei største byane og tettstadene i kommunen er:
Tettstad | Kommunaleining | Folketal 2011[1] |
---|---|---|
Kilkís | Kilkís | 22 014 |
Néa Sánda | Gallikós | 1 693 |
Néo Ajonéri | Pikrolímni | 1 176 |
Kambánis | Gallikós | 1 170 |
Stathmós Mourión | Mouriés | 1 040 |
Kristóni | Kilkís | 988 |
Gallikós | Gallikós | 969 |
Paleó Ajonéri | Pikrolímni | 886 |
Pedinó | Gallikós | 817 |
Khérso | Khérso | 814 |
Mikrokámbos | Pikrolímni | 731 |
Drosáto | Doiráni | 713 |
Myriófyto | Mouriés | 677 |
Khorýjo | Kilkís | 668 |
Néo Jynekókastro | Pikrolímni | 578 |
Mouriés | Mouriés | 555 |
Mavronéri | Pikrolímni | 535 |
Evkarpía | Kroússa | 514 |
Kjelder Endra
- Denne artikkelen bygger på «Kilkis» frå Wikipedia på engelsk, den 17. september 2007.
Referansar Endra
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Folketeljing 2011, revidert
- ↑ Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023
Bakgrunnsstoff Endra
- Offisiell nettstad Arkivert 2004-09-19 ved Wayback Machine. (gresk)