Amazon Kindle
(Omdirigert frå Kindle)
Amazon Kindle er ein e-boklesar og eit programvaresystem frå Amazon.com. Han kan brukast til å kjøpa og lesa Kindle-e-bøker og til å lesa bloggar, tidsskrift, aviser og anna materiale som finst elektronisk tilgjengeleg. Kindle blei først lansert i 2007.
Versjonar
endreModell | Lansert | Skjerm | Tjukke | Kapasitet | Minnekort | Anna |
---|---|---|---|---|---|---|
Kindle | 19. november 2007 | 6" | 20,3 mm | 250 MB | Ja, SD-kort | Utgått |
Kindle 2 | 23. februar 2009 | 6" | 9,14 mm | 2 GB (1,4 tilgjengeleg) | Nei | Raskare, betre batteri, støtte for PDF |
Kindle DX | 10. juni 2009 | 9,7" | 8,5 mm | 4 GB (3,3 GB tilgjengeleg) | Nei | Støtte for PDF og Wifi, betre batteri |
Det er også lansert «Kindle for PC», eit program til å lesa Kindle-bøker på ein PC. «Kindle for Mac» kom 18. mars 2010. I tillegg har iPhone, Blackberry og Android støtte for Kindle-programvaren.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Amazon Kindle» frå Wikipedia på bokmål, den 23. mai 2010.
Bakgrunnsstoff
endre- Kindle 2[daud lenkje]
- Kindle DX[daud lenkje]
- Kindle[daud lenkje]Denne dataartikkelen som har med litteratur å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.