Personleg datamaskin

Ein personleg datamaskin, i daglegtale omtala som PC, er ein datamaskin med pris, storleik og bruksområde som gjer at han passar for personleg bruk, både på arbeid og heime. Slike datamaskinar kan mellom anna brukast til speling, utforming av dokument, film- og biletbehandling, databasearbeid, og kommunikasjon, informasjonsoverføring og underhalding over Internett. Det finst tre forskjellige kategoriar av personlege datamaskinar: Stasjonær PC, berbar PC og lommedatamaskin (PDA). I 2005 hadde 74 prosent av alle norske hushald har tilgang på éin eller fleire personlege datamaskinar.[1]

Ein personleg datamaskin blir brukt av éin enkelt om gongen.
Foto: Dreysacz

Oppbygging endre

 
Teikning av ein personleg datamaskin. 1: Skjerm 2: Hovudkort 3: CPU 4: Minne (RAM) 5: Ekspansjonskort 6: Straumforsyning 7: Optisk disk 8: Harddisk 9: Tastatur 10: Mus

Ein typisk skrivebords-PC har desse delane:

Andre utbreidde delar er til dømes skrivar, skanner, høgtalar, nettkamera og joystick.

Historie endre

 
Dragon 32 var ein tidleg heimedatamaskin.
Foto: Gavin Long

Fram til slutten av 1970-åra hadde dei fleste datamaskinar fleire brukarar om gongen. Desse blei kalla minimaskinar og stormaskinar, og brukaren fekk kontakt med dei ved hjelp av ein tynnklient. Ofte var sjølve datamaskinen på storleik med eit rom, og kravde kjøleutstyr og vedlikehald. Utviklinga av mikroprosessoren gjorde at ein kunne laga datamaskinar som var mykje mindre enn tidlegare, og samtidig mykje kraftigare.

Maskintypen som blei dei første personlege datamaskinane blei kalla mikrodatamaskinar. Då desse kom så lågt i pris at privatpersonar hadde råd til å kjøpa dei, kom omgrepet heimedatamaskin. Desse var først byggesett for entusiastar, men blei etter kvart ferdig montert. Ofte kunne heimedatamaskinen koplast til eit vanleg TV-apparat, og lagringsmediet var vanlege musikkassettar.

Lanseringa av reknearket VisiCalc, først for Apple II-datamaskinar, sette fart på salet av mikrodatamaskinar som forretningsverktøy. I august 1981 kom IBM PC, med operativsystemet MS-DOS (forløparen til Microsoft Windows), men også denne med ein versjon av VisiCalc. Seinare dreiv den populære programpakken Lotus 1-2-3, med tekstbehandling, rekneark, presentasjonsprogramvare og database, salet av IBM PC i været.

Ordsoge endre

Omgrepet personal computer blei opphavleg brukt om datamaskinar frå IBM som køyrte operativsystemet MS-DOS. Frå midten av 1980-åra gjekk omgrepa «heimedatamaskin» og «mikrodatamaskin» ut av vanleg bruk, og kortformene «PC» eller «data[maskin]» tok heilt over. Norsk språkråd prøvde i ei tid å få nemninga PD inn i det norske språket, utan å lukkast.

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. Tal frå Statistisk sentralbyrå 2. kvartal 2005.)

Bakgrunnsstoff endre

  Denne dataartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.