Kingdom Come
Kingdom Come Studioalbum av Sir Lord Baltimore | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Desember 1970 | |
Innspelt | Hausten 1970 Vantone Studios, New Jersey Eletric Lady Studios | |
Sjanger | ||
Lengd | 38:00 | |
Selskap | Mercury Records (1970) PolyGram(1994) Red Fox(2003) Anthology Recordings (2007) | |
Produsent | Mike Appel, Eddie Kramer, Kim King, Jim Cretecos | |
Kritikk | ||
---|---|---|
Sir Lord Baltimore-kronologi | ||
Kingdom Come | Sir Lord Baltimore (1971)
|
Kingdom Come er debutalbumet til det amerikanske rockebandet Sir Lord Baltimore – utgjeve for fyrste gong i desember 1970, gjennom Mercury Records. Innspelinga gjekk føre seg om hausten same år. Den seinare populariteten resulterte at Kingdom Come vart reutgjeve i 1994, 2003 og 2007. Samleplata Kingdom Come/Sir Lord Baltimore inneheld storparten av songane åt Kingdom Come. Reutgjevnadane kom ut på ulike plateselskap.
Albumet er blant anna kjend for dét faktum at i 1971 vart albumet omtalt som "heavy metal", til å refera til ein musikksjanger. Dette er – om ikkje anna – den tidlegaste resolusjonen av dette ordet. Kritikken, eller omtala, kom frå musikkmagasinet Creem, som gav Kingdom Come dette omgrepet grunna det kjappe og dundrande blues-baserte rock 'n' rollen med gitar- og bassforvrenging. Tungmetallen var langt ifrå den mest populære sjangeren på den tida, sjølv om denne type musikk skulle verta særs attraktiv i seinare år.
Alle songane er skrive og ordna av Mike Appel, som seinare vart managaren til Bruce Springsteen. Appel og Jim Cretecos stod for produseringa for dette albumet. Kingdom Come vart spelt inn i Vantone Studios i West Orange, New Jersey, eit område som er kjend for sin reality-produksjon. Albumet blei so miksa i Eletric Lady Studios i New York av Eddie Kramer og Kim King .
Innhald
endreNr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Master Heartache» | 4:37 |
2. | «Hard Rain Fallin'» | 2:56 |
3. | «Lady of Fire» | 2:53 |
4. | «Lake Isle of Innersfree» | 4:03 |
5. | «Pumped Up» | 4:07 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Kingdom Come» | 6:35 |
2. | «I Got a Woman» | 3:03 |
3. | «Hell Hound» | 3:20 |
4. | «Helium Head (I Got A Love)» | 4:02 |
5. | «Ain't Got A Hung On You» | 2:24 |
Attutgjevnad frå 2007
endreNr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Kingdom Come» | 6:35 |
2. | «I Got a Woman» | 3:03 |
3. | «Hell Hound» | 3:20 |
4. | «Helium Head (I Got A Love)» | 4:02 |
5. | «Ain't Got A Hung On You» | 2:24 |
6. | «Master Heartache» | 4:37 |
7. | «Hard Rain Fallin'» | 2:56 |
8. | «Lady of Fire» | 2:53 |
9. | «Lake Isle of Innersfree» | 4:03 |
10. | «Pumped Up» | 4:07 |
Medverkande
endre
|
|