Kingswood er eit byområde i South Gloucestershire i England, ved byen Bristol i vest. Han ligg på begge sider av vegen A420, som går mellom Bristol og Chippenham. Bristol ligg kring 6 km mot vest, og Chippenham 28 km mot aust. Bath ligg 20 km unna. Den vestlege delen av Kingswood glir over i det austlege Bristol og fungerer som ein forstad til byen.

Kingswood

Klokketårnet
Klokketårnet
Klokketårnet
Plassering
Kingswood is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Gloucestershire
Distrikt South Gloucestershire
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2007)

65 704
Koordinatar 51°28′N 2°30′W / 51.467°N 2.500°W / 51.467; -2.500
Diverse annan informasjon
Postnummer BS15
Telefon-retningsnummer 0117
Commons har multimedium som gjeld: Kingswood

På 1700-talet var Kingswood ein liten kolgruvelandsby der friluftspreikene til George Whitefield i stor grad påverka John Wesley som grunnla metodismen. Bygginga av mange kapell, Tabernakelet og skular av Whitefield, Wesley og deira følgjesveinar er rekna som ein av faktorane som stod bak veksten til Kingswood.

Kjelder

endre