Kipchoge Hezekiah Keino (fødd 17. januar 1940) er ein kenyansk tidlegare friidrettsutøvar frå Nandi-fylket i det vestlege Kenya.

Kipchoge Keino

Statsborgarskap Kenya
Fødd 17. januar 1940 (84 år)
Nandi fylke
Yrke langdistanseløpar, mellomdistanseløpar, friidrettsutøvar
Språk engelsk
Høgd 173 centimeter
Medlem av Den internasjonale olympiske komitéen
Kipchoge Keino på Commons

Keino var mellom dei aller fyrste kenyanske mellom- og langdistanseløparane som markerte seg i verdstoppen. Han vart olympisk meister på 1500 meter under Sommar-OL 1968 i Mexico-byen, og tok sølvmedaljen på 5000 meter. Fire år seinare vart han olympisk meister på 3000 meter hinder i München, og fekk sølv på 1500 m.

Kjelder endre