Kirkenes–Bjørnevatnbanen

Kirkenes-Bjørnevatnbanen, òg kalla Sydvarangerbanen, er ein rundt 9 km lang malmbane som tidlegare tilhøyrte A/S Sydvaranger. Den vart lagt ned i 1996, men som eit ledd i gjenopninga av gruvene på Bjørnevatn vart banen gjenopna i 2009.[1] I dag er det det australske gruveselkapet Northern Iron som eig banen. Ombygginga var klar våren 2009 og drifta tok til i september.[2] Banen var verdas nordlegaste jernbane, til Obskaja–Bovanenkovobanen vart opna i 2010.

Kirkenes–Bjørnevatnbanen
Info
Land Noreg
Type Industribane
Utgangsstasjon Bjørnevatn
Endestasjon Kirkenes
Tal på stasjonar 0
Drift
Opna 1910
Eigar Fram til 1996 Sydvaranger, Northern Iron
Operatør(ar) Sydvaranger
Type trafikk Malmtog
Teknisk
Køyrestraum Nei
Sporvidd 1435 mm
Lengde 8,45 km
Minste kurveradius 275 meter
Største stigning 15 promille

Det har heilt sidan Sovjetunionen fall vore planar om å bygge jenbanelinje vidare frå Kirkenes til Russland.[3][4] Det er òg snakk om mogleg bygging av jernbane frå Kirkenes til det finske nettet ved Rovaniemi.[5] Kirkenes–Bjørnevatnbanen har normalspor, så dersom sjølve linja som blir brukt av malmtoga skal nyttast, må den og gruveselskapet sine lokomotiv og vogner tilpassast finsk-russisk sporvidde.

Linjekart

endre
Teiknforklaring
  Finknuseverket
   
    Kirkenes stasjon
    ved Bjørkheimkrysset
  Tunnelhaugen (ca. 80 m)
  Bjørnevatn stasjon
 
  Tappetunnelen

Kjelder

endre

Referansar

endre

Litteratur

endre