Kiryat Tivon
Kiryat Tiv'on (hebraisk skrift קִרְיַת טִבְעוֹן}}, òg Qiryat Tiv'on) er ein by i Haifa distrikt i Israel, i åsane mellom Zvulun- og Jezreeldalen. Kiryat Tiv'on ligg 15 km søraust for Haifa, langs hovudvegen til Nasaret. I utkanten av Tiv'on ligg ein beduinsk by kalla Basmat Tab'un. Kiryat Tivon har eit folketal på 16 000.[2]
Kiryat Tiv'on | |||
lokal kommune | |||
View of Kiryat Tivon
| |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord distrikt | ||
Koordinatar | 32°43′26″N 35°7′38″E / 32.72389°N 35.12722°E | ||
Areal | 8,42 km² | ||
Folketal | 16 600 (2010)[1] | ||
Folketettleik | 1 971 / km² | ||
Bystatus | 1958 | ||
Borgarmeister | David Ariely | ||
Kiryat Tivon 32°43′26″N 35°07′38″E / 32.723888888889°N 35.127222222222°E | |||
Kart som viser Kiryat Tivon.
| |||
Wikimedia Commons: Kiryat Tivon |
Historie
endreKiryat Tiv'on vart grunnlagd i 1958 då tre mindre busetnader vart slått saman: Tiv'on (grunnlagd i 1947), Kiryat Amal (grunnlagd i 1937) og Elro'i (grunnlagd i 1935). Kiryat Haroshet, som vart grunnlagd av ein rabbi frå Jablona i Polen som slo seg ned der med følgjaren sine i 1935, vart ein del av Kiryat Tiv'on i 1979.
Tiv'on vart bygd på landområde eigd av eit britisk, jødisk par som kjøpte området tidleg i 1945. Seinare vart det utvikla av Jewish National Fund basert på ein byplan teikna av Alexander Klein, ein russisk-jødisk arkitekt som fekk jobben av Jewish National Fund.[3]
Landemerke
endreByen er mest kjend for nasjonalparken Beit She'arim, som ligg sørvest for byen. Beit Shearim var eit viktig jødisk, andeleg senter og nekropolis i romartida og ein gong setet for Sanhedrin.
Venskapsbyar
endreKiryat Tiv'on er venskapsby med:
- Braunschweig i Tyskland[4]
- Compiègne i Frankrike
- Čakovec i Kroatia
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kiryat Tivon» frå Wikipedia på engelsk, den 7. april 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ http://www.cbs.gov.il/population/new_2010/table3.pdf
- ↑ http://www.ktv.org.il/ Kommuneside
- ↑ Revista Morashá - Artigos
- ↑ «Braunschweigs Partner und Freundschaftsstädte» [Braunschweig - Partner and Friendship Cities]. Stadt Braunschweig [City of Braunschweig] (på tysk). Arkivert frå originalen 1. desember 2012. Henta 7. august 2013.