Kiukaiskulturen er ei kulturgruppe frå yngre steinalder. Kiukaiskulturen sitt område går frå kysten ved Kvarken til dagens Viborg, men han er hovudsakeleg konsentrert til sørvestre Finland. Det har også vore gjort funn på Gotland, Åland og i Hälsingland i Sverige. Kulturen har fått namn etter funn gjort av Matti Kauppinen i Uotimäki i Kiukainen.[1] Kiukaiskulturen kan daterast til ca. 2400-1500 f.Kr. Han blir sett på som ei samansmelting av stridsøkskulturen og den kamkeramiske kulturen.

Økonomien var basert på jakt og fiske. Keramikken er prega av flatbotna kar med tverrbandornamentik, groper og kamornament i varierande kombinasjonar. Tekstilkeramikk er òg vanleg i funna.

Mogleg tilknytting til Hedningahällan endre

På Hedningahällan i den svenske kommunen Hudiksvalls finst ein steinaldersbuplass på ei høg klippe som på buplasstida var ei øy ved kysten. Funn av økser og keramikk daterer buplassen til mellomneolitisk-seinneolitisk tid. Keramikken har vorte sett på som knytt til kiukaiskeramikk, men han kan, som annan samtidig keramikk på den mellomnorrlandske kysten, utgjera ei lokal, innanlandsk gruppe. Beinfunna viser at plassen vart befolka av kobbejegarar. Hedningahällan vart seinst undersøkt 1984.

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. Räty, Jouko (1988). «Arkeologisen kokoelman alku Satakunnan Museossa» (PDF) 3. Muinaistutkija. 

Litteratur endre