Kjønnskromosom

kjønnsbestemmande kromosom

Kjønnskromosom er kromosom som kan bestemma kva kjønn eit individ har.

Mikroskopbilde av kromosoma til gjødselfluga Scathophaga stercoraria. Dei to X-kromsoma til ei hofluge, markerte med X, er hjå denne arten større enn dei andre, autosome kromosoma.

Hoer hjå pattedyr og krypdyr har vanlegvis to kjønnskromosom av same type, XX, medan hannar har to ulike kjønnskromosom, XY.

Hos fuglar og amfibium er tilhøvet omvendt, der har hannane to like kromosom, XX og hoene XY. For å hindra omgrepsforvirring brukar ein vanlegvis å omtala kromosom hjå desse dyra som ZZ hjå hannar og ZW hjå hoer. Kjønnet med to ulike kjønnskromosom kallar ein heterogametisk.[1]

Hjå visse typar insekt, som grashopper og kakkerlakkar, finst det berre ein type kjønnskromosom. Der blir kjønnet bestemt ut frå om individet har eit eller to eksemplar av desse kromosoma. XX gjev ei ho og berre X, òg kalla X0, gjev ein hann.

Dei fleste artar av bier og maur har ingen kjønnskromosom. Det som avgjer kjønnet er i staden om egget er befrukta eller ikkje. Eit befrukta egg gjev opphav til eit diploid individ med 32 kromosom, som blir ei ho. Eit ubefrukta egg dannar i staden eit haploid individ med 16 kromosom, som blir ein hann.

Kloakkdyr, som nebbdyret, har eit meir komplisert system når det gjeld kjønnskromosom. Hjå desse er det fleire kromosompar som er med i kjønnsbestemminga. Hjå nebbdyret er det 5 slike kromosompar, som gjev 5 Y-kromosom og 5 X-kromosom, og desse 5 ulike kromosoma blir arva som ei eining frå faren.[2]

Lemen har eit WXY-system. W-kromosomet er eit omforma X-kromosom, som gjer at individet blir til ei hoe, sjølv når Y-kromosomet er til stade.[3]

Nokre kjønna organismar har ikkje kjønnskromosom. Der blir kjønnet bestemt på ein annan måte, til dømes ved hjelp av temperatur eller andre miljøfaktorar.

Utvikling endre

Det er blitt danna kjønnskromosom ved fleire tilfelle i løpet av evolusjonen til ulike artar. Slike kromosom utviklar seg frå vanlege kromosom, autosom. Eit av kromosoma i eit par kan få eit eller fleire gen som avgjer kjønn, og fleire mutasjonar knytte til kjønnsgena som er til fordel for dette eine kjønnet. Dei to ulike kromosoma vil etterkvart slutta å utveksla informasjon med kvarandre gjennom overkryssing. Det kjønnsbestemmande kromosomet vil dermed mista fleire gen og bli mindre enn det andre kromosomet i paret.[1]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Martinsen, Lene (30. mars 2020). «kjønnskromosomer». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  2. Frank Grützner; et al. «In the platypus a meiotic chain of ten sex chromosomes shares genes with the bird Z and mammal X chromosomes». 
  3. Wan-sheng Liu, Leif Eriksson og Karl Fredga. «XY Sex Reversal in the Wood Lemming is Associated with Deletion of Xp21–23 as Revealed by Chromosome Microdissection and Fluorescence in situ Hybridization». [daud lenkje]