Kjønrøyk
kjemisk sambinding
Kjønrøyk (av tysk Kien, «furu») var opphavleg nemninga på sot som vart framstilt ved ufullstendig forbrenning av harpiksrik furu. I dag vert han laga ved ufullstendig forbrenning av olje. Bruksområde er/var mellom anna svart pigment i måling og tusj, trykksverte og til medisinske føremål.
Kjønrøyken vart seld i små lagga trekar som vart kalla kjønrøykbøsser.
Eit anna namn på denne typen sot er «lampesvart».
Kjelder
endre- «Kjønrøk» i Norsk historisk leksikon 2. utgåve, 3. opplag (Cappelen, 2004) (www).