Kjell Habbestad

norsk komponist

Kjell Habbestad (fødd 13. april 1955) er ein norsk professor i musikkteori og komposisjon ved Norges musikkhøgskole.

Kjell Habbestad
Fødd13. april 1955
Bremnes på Bømlo
NasjonalitetNoreg
Yrkekomponist

Biografi endre

I 1975-79 studerte han kyrkje­musikk og i 1981 tok han diplomeksamen i komposisjon ved same institusjon, etter studier med Finn Mortensen, Olav Anton Thommessen og Lasse Thoresen.

Habbestad var organist i Snarøya kyrkje, Bærum 1977-81 og i Langhus kyrkje 1986-87. I 1981 vart han tilsett som lektor i teorifag ved Bergen Musikkonservatorium, i 1986 som første­amanuensis ved Østlandets Musikkonservatorium, i 1996 som første­amanuensis ved Norges musikk­høgskole og som professor frå 2012.

Musikk endre

Som komponist debuterte Habbestad med ein 1.-pris i TONOs kom­posi­sjonskonkurranse i høve 50-årsjubiléet i 1978, med korverket Magnificat. Tre år seinare vann verket Jubal 1.-pris i ein konkurranse ved innviing av nytt orgel i Borgund kyrkje, Ålesund.

Kjell Habbestad si verkliste tel pr. i dag 96 opus, m.a. operaene Hans Egedes Natt (op 45), The Maid of Norway (op 58) og Nenia, til minne om Fartein Valen (op 92), samtlege med libretti av Paal-Helge Haugen, samt Karlstad 1905 — Et Blad i Civilisationens Historie (op 82) og musikalen Greven av Monte Cristo (op 88) begge med eigne libretti, oratoria Ei natt på jorda (op 33) og Adam og Eva (op 84) (tekst frå Henrik Wergelands Skabelsen, Mennesket og Messias), samt teatermusikk til Mostraspelet (op 9) som årleg i perioden 1983-2015 har vorte framført på Bømlo.

Verk av konserterande karakter er: Konsert for obo og orkester, (op 89), Un rêve Norvégien, konsert for saksofon og orkester (op 65) (under utgjeving, Lawo), Munchsuite, konsert for fløyte og strykarar (op 53), Etwas neues unter der Sonnen, konsert for hardingfele og symphonic band (op 13) og Ave Maria, konsert for orgel og strykarar (op 11) (under utgjeving, Aurora).

Av kammermusikk kan nemnast strykekvartettane Quattro Stazioni til Bergen Kammermusikkforening, og Strykekvartett nr. 2 til Oslo Griegfestival 2013 (vert innspelt av Vertavo i oktober), pianostykket Hammer-klavier, 14 Ibsensanger for baryton og klaver, Angeli for fløyte, fiolin og piano (IDACD 3), Air d’été suedois for klarinettkvintett (innspeling i oktober), og BosNOREGia for akkordeon og strykekvartett i 2016. I 2012 utkom orgel-CD’en Gaudeamus (LWC 1031) med bl.a. verket Introduction & Passacaglia over to temaer av Fartein Valen, og Seseljasongar (Ruth Lillegraven) for sopran og gitar.

Musikkdramatikk i mindre format er verket Orpheus for fløyte, piano og dansar, med utgangspunkt i sju Ibsendikt og Terje Vigen — eit melodrama for kammerensemble og resitasjon. Vidare kan nemnast ‘liturgiske drama’ som Jubal, Jabal, Kar og kjerring, Noahs draum (GRCD 4156), Mysteriet (tekstar av Arnold Eidslott).

Sentralt står elles større vokalverk og kantatar som Cantica (Magnificat, Nunc Dimittis og Benedictus Dominus), Nox Praecessit, Hymni og Psalmi (LWC1136), Stabat Mater dolorosa for mannskvartett og mannskor, Apal, Kverni og Sju vindar til Olav H. Hauge-tekstar, Voluspå, Das Lied von der Glocke (Friedrich Schiller), Mi sjel er ei eolsharpe, over Jakob Sande-tekstar, skrive til Nordic Voices og sinfonietta, samt ca. 90 motettar til dei ulike søndagar i kyrkjeåret.

Skribent og redaktørverksemd endre

Kjell Habbestad har òg gjort seg gjeldande som skribent og redaktør. I 1989 utgav han Cantate, ei hand­- bok over korverk til kyrkjeleg bruk, på Verbum forlag. I samband med Norsk Komponist­forenings 75-års jubileum i 1992 var han redaktør for bøkene Temaer, tendenser og talenter — Norsk samtidsmusikk gjennom 25 år og Arrangementer, arenaer og aktører i norsk samtidsmusikk. I 1996 og 97 var han vidare redaktør for komponistforeningens årbøker for norsk samtidsmusikk.

Kjell Habbestad vart medlem av Norsk Komponistforening i 1981. I perioden 1987-96 var han styre­medlem, frå 1990 til 1996 viseformann, og i perioden 1996 til 2002 formann i foreiningas musikk­faglege råd. Han var òg styreformann i Komponistenes Vederlagsfond, 2002-2005 og formann i TONOs vurderingsutvalg 2005-2007.

I 2017 vart han nominert til Spellemannsprisen i kategorien Årets komponist for korplata Et nox in diem versa, (LWC1136) med Latvia Radiokor, dir. Sigvards Klava.

Referansar endre