Paal-Helge Haugen

norsk skribent

Paal-Helge Haugen (fødd 26. april 1945 i Valle) er ein norsk forfattar og gjendiktar.

Paal-Helge Haugen
Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 26. april 1945 (78 år)
Valle kommune
Yrke Forfattar, omsetjar
Periode 1967-
Sjanger dikt, teater, barne- og ungdomslitteratur
Debut På botnen av ein mørk sommar

Han studerte medisin ved Universitetet i Oslo frå 1964 til 1970. Frå 1971 tik 1972 studerte han film- og teater i USA, frå 1973 til 1978 underviste han i film- og skjønnlitterær skriving og frå 1978 har han vore forfattar på heiltid. Haugen bur på Nodeland i Songdalen, der kommunen har kalla ein park opp etter han.

Paal-Helge Haugen var med i Profil-krinsen på 1960-talet, frå 1965-67 var han redaksjonsmedlem i Profil. Den fyrste eigne boka hans var diktsamlinga På botnen av ein mørk sommar som kom i 1967, før det hadde han fått utgitt to gjendiktingar, Blad fra ein austleg hage med haiku-dikt og Kinesisk lyrikk. I 1968 kom punktromanen Anne der han brukte dokumentariske tekstar i fiksjonen og boka vekte mykje merksemd. Etter det har han skrive fleire diktsamlingar og også gjendikta poesi til norsk. Han vert rekna som ein av dei fremste lyrikarane i sin generasjon og han har vorte omsett til ei rekkje språk. Han har samarbeidd mykje med andre, både lyrikarar, musikarar og biletkunstnarar.

Bibliografi endre

  • Blad frå ein austleg hagehaiku, gjendikting (1965)
  • Kinesisk lyrikk – gjendiktning (1966)
  • På botnen av ein mørk sommarNoveller (1967)
  • Anneroman (1968)
  • Sangbok – noveller (1969)
  • Det nye amerikanske huset – gjendikting (1970)
  • Beman barrikadene - fienden har sluppet løs sin pyjamas! Antologi over engelsk og amerikansk pop-poesi, red. Paal-Helge Haugen og Einar Økland, (1970)
  • Det synlege menneske – dikt (1975)
  • Fram i lyset, tydeleg – dikt (1978)
  • Steingjerde – dikt (1979)
  • Herr Tidemann reiser – barnebok (1980)
  • Spor – dikt i utvalg (1967-1980) (1980)
  • I dette huset. – dikt (1984) (saman med Erling Kittelsen)
  • Det overvintra lyset – dikt (1985)
  • Inga anna tid, ingen annan stad – musikkdrama – (1986) (saman med Gunnar Germeten jr og Rolf Inge Godøy)
  • Horisont – tekst og bilder – (1986) (Saman med Kjell Nupen)
  • Verden Open – dikt i utval (1987)
  • Magma – dikt i utval/gjendikting (1987)
  • Vårfuglen – barnebok (1989) (saman med Mette Newth)
  • Gjennom steinen – barnebok (1990) (saman med Mette Newth)
  • Meditasjonar over Georges de la Tour – dikt (1990)
  • Introduksjon. Ein skillingsmonolog (utgjeven av PHH) – (saman med Erling Kittelsen) (1990)
  • Vidde. Eit dikt – (1991) (illustrert av Gunnar Torvund)
  • Haiku. 200 norske versjonar – haiku (1992)
  • Sone 0 – dikt (1992)
  • Alexandrias aske – dikt (1993) (saman med Lars Saabye Christensen, Gro Dahle og Thorvald Steen)
  • Ax – musikkdrama (1993)
  • Ei natt på jorda – oratorium (1993) (musikk Kjell Habbestad)
  • Eldsalamanderen – barnebok (1994) (saman med Mette Newth)
  • Hertervig – operalibretto (1995)
  • Hans Egedes natt – libretto til kammeropera (1995)
  • Pilegrimen – kyrkjespel (1995)
  • Poesi – dikt i samling 1965 - 1995 (1995)
  • Vindsalme for dei døde. Rekviem til 50-årsmarkeringen av slutten på andre verdenskrig – (1995)
  • Nidaros – oratorium (1997)
  • Kvartett 2008 4 diktsamlingar gitt ut samla i ein sølvfarga plastpose: G's bok, Dantes oske, Passasje, Visum(2008)
  • Kyst. Sør – (2009)
  • Uncommon Deities – (2011) (saman med Nils Chr. Moe-Repstad)Punkt forlag. Delar av teksten utgjeven på plate med David Sylvian, Sidsel Endresen, Arve Henriksen[1]

Prisar og utmerkingar endre

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre