Kjell Helland

norsk politikar

Kjell Edvard Helland (fødd 29. mai 1940 i Melhus) er ein norsk politikar og tidlegare fylkesarbeidssjef i Sør Trøndelag. Han representerte Arbeidarpartiet og Sør-TrøndelagStortinget i tida 1973-1989.

Kjell Helland
Fødd29. mai 1940 (83 år)
Melhus kommune
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Helland busette seg i Trondheim, der han var butikkekspeditør 1955-59 og sidan tilsett i Postverket til han i 1973 fekk stortingsplass.

Valperioden 1972-1975 var Helland bystyremedlem i Trondheim. Hausten 1973 vart han vald til stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, attvald 1977, 1981 og 1985. På Stortinget var han 1973-1977 medlem i Kontroll- og konstitusjonskomiteen, 1977-1981 i Industrikomiteen og frå 1981 til 1989 i Energi- og industrikomitéen.

Etter han avslutta det politiske tilværet på Stortinget, var Helland fylkesarbeidssjef i Sør-Trøndelag gjennom 13 år, frå 1989 til 2002.[1]

Kjelder endre

Referansar endre

  1. Kjell Edvard Helland 80 år - Aftenposten 29. mai 2020