Kjell Underlid
Kjell Underlid (24. juni 1950–31. juli 2016) var ein norsk psykolog, professor og politikar. I 2005 vart han professor ved Høgskolen i Bergen, der han hadde jobba sidan 1990. Spesialfelta hans var arbeidsløyse, fattigdom og sosial rettferd.
Kjell Underlid | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 24. juni 1950 |
Død | |
Yrke | professor, psykolog |
Politisk parti | Norges Kommunistiske Parti, Sosialistisk Venstreparti, Sosialistisk Folkeparti |
Underlid var formann for Norges Kommunistiske Parti mellom 1993 og 2000, fram til 1998 saman med Terje Krogh og Per Lothar Lindtner, etter det saman med Lindtner. Underlid var i ei årrekkje medlem av Sosialistisk Folkeparti og Sosialistisk Venstreparti, men gjekk ut av partiet i protest mot det han oppfatta som ei høgredreiing under Erik Solheim. Han gjekk ut av NKP i 2003, i protest mot eksklusjonar av andre NKU og NKP-medlemmer. Han var eit sentralt medlem av Bevegelsen for Sosialisme.
Bibliografi
endre- Arbeidslaus - Det Norske Samlaget 1992
- Gruppepsykologi - Fagbokforlaget 1997
- Fattigdommens psykologi - Det norske Samlaget 2005
- Sosial rettferd - Det Norske Samlaget 2009