Kjerringa
- Denne artikkelen handlar om fjellet i Sunnmørsalpane. For fjellet i Antarktis, sjå Kjerringa i Enderby Land.
Kjerringa er ein fjelltopp i Ørsta på Sunnmøre. Han er 1130 m høg. Toppen ligg mellom seterdalane Mosdalen/Langedalen i vest og Romedalen i aust. Fjelltoppen, som også vert kalla Kjerringtinden, er lett å nå frå begge seterdalane. Enklast frå aust. Han er godt synleg både frå Ørsta-byen og frå Årsetdalen. Tre britar, H.C. Bowen, W.P. Haskett-Smith og Charles W. Patchell var på toppen den 17. august 1903.
Kjerringa | |||
fjell | |||
Kjerringa sett frå Årsetdalen
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Område | Ørsta (Møre og Romsdal) | ||
Fjellkjede | Sunnmørsalpane | ||
Høgd | 1 130 moh. | ||
Førstestiging | H.C. Bowen, W.P. Haskett-Smith og C.W. Patchell (1903) | ||
Kjerringa 62°14′52″N 6°14′45″E / 62.24774°N 6.24573°E |