Kjersti Evindsdotter Haugland
Kjersti Evindsdotter Haugland (1796–5. april 1881) var ein kjend sogeseiar og tradisjonsberar frå Flatdal i Seljord i Telemark. Ho var mor til Anne Sundbøhaugen.
Kjersti Evindsdotter Haugland | |
Fødd | 1796 |
Død |
1881 (84 år) |
Dei som skreiv opp etter Kjersti, var mellom andre Magnus Brostrup Landstad og Moltke Moe. Han fann ho i 1878, og då var ho sengeliggjande med broten lårhals. Moe var innom Kjersti fleire gonger i denne tida, og skreiv:
- Det sted hvor jeg kortest tid gjorde den rikeste høst var Flatdal. Dette held skylder jeg, næst min venlige vært herr Sigurd Sundbøs veiledning, væsentlig den omstendighed, at der endnu levede et par av den gamle slegt, hvis kjærlighed til de nedarvede traditioner aarenes løb kunde have bidraget til at styrke. Især én af dem, en 82 aarig gammel kone, havde et uudtømmeligt forraad af æventyr. Men da hun paa det tredje aaret var skral og sengeliggende, svigtede kræfterne hende før hukommelsen. Imidlertid fik jeg dog i de 8-10 dage mit ophold varede, forøget mine samlinger med 36 æventyr, af hvilke 9 ikke før har været offentliggjorte for vort land. De øvrige æventyr — varianterne og pendanterne — er ogsaa, næsten uden undtagelse, eiendommelige og interessante.
Haugland døydde på Sundbøhaugen den 5. april 1881. Dottera Anne Sundbøhaugen førte tradisjonen etter Kjersti vidare, men Rikard Berge gjer ein merknad på at nokre eventyr er skrive opp etter både mora og dottera. Dette er ei rettleiing for dei som vil ha greie på korleis forteljarstilen kan ha gått i arv. Seinare forsking har merkt seg at Anne om mogleg mista ut noko at det som Kjersti hadde betre minne for.
Kjelder
endre- Rikard Berge: Norsk sogukunst, 1924.