Flatdal

Flatdal er ei bygd, ein dal og eit kyrkjesokn i Seljord kommune i Vestfold og Telemark. Gjennom dalen renn elva Flatdøla som nedst dannar vatnet Flatsjå, og er ein del av Skiensvassdraget.

Flatdal
stad
Flatdal1.jpg
Flatdal

Foto: Falk Lademann

Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Vestfold og Telemark
Kommune Seljord
Postnummer 3841 FLATDAL
Kart
Flatdal
59°34′0″ N 8°34′0″ E
Wikimedia Commons: Flatdal

Nedst ved Flatsjå er dalen smal, med bratte fjell på sidene, på vestsida her ligg Skorve. Lenger oppe vidar han seg ut og den flate dalbotnen er omgjeven av skogkledde dalsider. Elvesletta, som utgjer dalbotn, er lettdrive jordbruksland, men ved stor vassføring vart det flaum og nedste del av dalen vart ofte lagd under vatn. Av den grunn vart busetjinga samla i Flatdalslandsbyen der det er 40 gardsbygningar fordeld på ti gardstun, eit stykke opp i dalen. Elva er no regulert. Ved Flatdalslandsbyen ligg Flatdal kyrkje frå 1654.

Andre nettstaderEndra

KjelderEndra