Kjersti Løken Stavrum
Kjersti Marie Løken Stavrum (fødd 1. mars 1969 Sarpsborg) er ein norsk journalist og redaktør, frå 2013 til 2016 generalsekretær i Norsk Presseforbund. Frå november 2016 var ho adm.dir. i Stiftelsen Tinius og Blommenholm Industrier.
Kjersti Løken Stavrum | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1. mars 1969 (55 år) Sarpsborg |
Yrke | journalist, redaktør, fagforeiningsleiar |
Ektefelle | Gunnar Stavrum |
Prisar | Årets kvinnelige medieleder |
Kjersti Løken Stavrum på Commons |
Utdanning og stillingar
endreStavrum er utdanna statsviter innan internasjonal politikk og har ein mastergrad i leiing.
Ho arbeidde i Aftenposten frå 1991 til 2002, og igjen frå 2005 til 2012, i åra 2005–2011 som featureredaktør og frå 2008 til 2012 òg som redaktør for aftanutgåva Aften. Ho var redaktør for A-magasinet og Osloby.no.
Frå 2001 til 2004 var ho sjefredaktør i vekebladet KK og frå 2012 til 2013 avdelingsdirektør for kommunikasjon og eigne kanalar i NHO. Ho overtok som generalsekretær i Norsk Presseforbund etter Per Edgar Kokkvold i september 2013.[1] I 2016 gjekk ho frå presseforbundet til direktørjobb i Schibsted-stiftelsen Tinius og Blommenholm Industrier AS.[2]
Verv og prisar
endreStavrum var leiar av Oslo redaktørsamskipnad frå 2008 til 2012 og er styremedlem i Stiftelsen Tinius og Blommenholm Industriar. Ho har vore styremedlem i International newsmedia marketing Association, INMA. Ho vart i 2003 kåret til «årets kvinnelege medieleiar».
Ho er leiar i Norsk PEN frå 2019 og er styremedlem i Ethical Journalism Network.
Frå 2019 er ho styreleiar i stiftelsen Cultiva. Ho er styremedlem i Faktisk.no.[3]
I 2020 vart ho oppnemnd som leiar i den andre Ytringsfridomskommisjonen av regjeringa.[4] I august 2021 kritiserte Begard Reza Stavrum for å driva gjengjeldelse mot ein varslar som følgje av hennes kritikk av kommisjonen.[5]
Anna
endreHo var i 2008 ein av fleire faste paneldeltakarar i talkshowet Studio 5 som gjekk på TV-kanalen FEM.
Ho er gift med Gunnar Stavrum, og er yngre syster av den tidlegare fotballspelaren, Kværner-direktør Karl-Petter Løken.[6]
Kjelder
endre- ↑ «Kjersti Løken Stavrum overtar etter Kokkvold», Aftenposten, 12. april 2013. (besøkt 23. mai 2014)
- ↑ «Kjersti Løken Stavrum slutter i Presseforbundet», Aftenposten 19. september 2016 (besøkt 22. september 2016)
- ↑ https://www.faktisk.no/om-oss
- ↑ Kulturdepartementet (14. februar 2020). «Presentasjon av medlemmene i Ytringsfrihetskommisjonen» (på norsk). Henta 14. februar 2020.
- ↑ Begard Reza: Uredelig og usant fra Ytringsfrihetskommisjonen
- ↑ «Forbanna flink». Dagbladet Magasinet. 31. mai 2003. Henta 14. november 2017.
- Denne artikkelen bygger på «Kjersti Løken Stavrum» frå Wikipedia på bokmål, den 25. november 2021.
Bakgrunnsstoff
endre- Kjersti Løken Stavrum ved The Internet Movie Database (IMDb)