Kjersti Synneva Moen

Kjersti Synneva Moen (fødd i 1995) er ein norsk illustratør og teikneserieskapar. Ho er mest kjend for teikneserien Grip den føkkings dagen (2023), som ho har fått fleire prisar og nominasjonar for.

Kjersti Synneva Moen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 1995 (29 år)
Yrke illustratør, teikneserieskapar

Liv endre

Moen er fødd i 1995 og kjem frå Selbu.[1][2] Ho flytta frå Selbu for å gå på musikklinja på Ole Vig vidaregåande skule, og er seinare utdanna i teikning ved Einar Granum Kunstfagskole.[3] Ho har delteke i UKM fleire gongar, blant anna med a cappella saman med Ellen Sofie Steen då dei var 17 år gamle.[4][5]

Virke endre

Moen har jobba for Gyldendal, Mental Helse Ungdom, Kvinnefronten, Human Etisk Forbund og Den Norske Turistforening.[3] Utanom visuell kunst, har ho bidrege som vokalist til låta «Rabagast» av musikkgruppa Bøgda frå Frosta.[6]

I 2024 gav Moen ut teikneserien Grip den føkkings dagenAschehoug, som blei møtt med positive tilbakemeldingar frå kritikarar. På grunn av utgjevinga blei ho tildelt Pondusprisen i 2023[2][7] og Kulturdepartementets tegneseriepris i 2024,[8][9] i tillegg blei ho nominert til fleire prisar, inkludert Trollkrittet[1][10] og SPROING-prisen.[11]

Bibliografi endre

  • Pappa er dustete (Ær, 2022) av Alba Shirin Jafari Dannevig – som illustratør
  • Grip den føkkings dagen (Aschehoug, 2023) – forfattar og illustratør

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Kjersti Synneva Moen». aschehoug.no. Henta 23. mars 2024. 
  2. 2,0 2,1 Austvik, Cecilie (27. november 2023). «Pondusprisen til Kjersti Synneva Moen». BOK365.no (på norsk bokmål). Henta 23. mars 2024. 
  3. 3,0 3,1 Wernø, Johanne Nordby, red. (2021). Ingen plass for fritidsgenier. Stiftelsen Einar Granum kunstfagskole. ISBN 9788230345146. 
  4. Flåan, Geir Olav (2. mars 2013). «Forrykende start på UKM». bladet.no (på norsk). Henta 23. mars 2024. «Av frykt for å fornærme de 20 andre innslagene, var undertegnedes favoritt på fredagskvelden a cappella-duetten 'Call your girlfriend' med 17-åringene Ellen Sofie Steen og Kjersti Synneva Moen.» 
  5. «UKM 2011 – Disse kommer til Meldal og fylkesmønstringen». Fosna-Folket. 15. mars 2011. 
  6. Hagerup, Sigfrid (14. september 2017). «Sanger fra hjertet». Frostingen. s. 22. 
  7. NRK (27. november 2023). «Pondusprisen 2023». NRK (på norsk bokmål). Henta 23. mars 2024. 
  8. Lello, Niklas (19. mars 2024). «Humor, spenning og alvor – her er vinnere av Kulturdepartementets priser for 2023». Norsk barnebokinstitutt (på norsk bokmål). Henta 23. mars 2024. 
  9. Jegtvik, Karin (20. mars 2024). «Selbu-forfatter mottok pris fra kulturministeren». nearadio.no (på norsk). Henta 23. mars 2024. 
  10. «De nominerte til Trollkrittet er klare!». NBU - Norske barne- og ungdomsbokforfattere (på norsk bokmål). 12. februar 2024. Henta 23. mars 2024. 
  11. «Sproingprisen.no». www.sproingprisen.no. Henta 23. mars 2024. 

Bakgrunnsstoff endre