Opna hovudmenyen

Kjersti Wexelsen Goksøyr (fødd 15. desember 1945) er ein norsk bilethoggar utdanna hjå Statens kunstakademi, der ho studerte i 1979-1984 under Per Palle Storm og Svein Boge Berg. Ho har hatt fleire separatutstellingar, teke del på fleire gruppeutstellingar, og hatt mange offentlege utsmykkingsoppdrag. Verk av ho er innkjøpte av Nasjonalgalleriet, Norsk kulturråd og Utanriksdepartementet. Ein statue som ho har laga til minne om forfattaren Sigrid Undset står i Stensparken i Oslo.

Kjersti Wexelsen Goksøyr
Fødd 15. desember 1945
Yrke bilethoggar

BakgrunnsstoffEndra