Opna hovudmenyen

Kjetil Løndal, (6. mai 190729. november 1987) var ein framtredande spelemann frå Tuddal i Telemark, og ein av dei likaste konsertspelemennene frå det fylket etter krigen.

Kjetil Løndal
Fødd 6. mai 1907
Død

29. november 1987

Yrke musikar

Kjetil var son av Svein Løndal frå Tuddal, og var mellomst av tre brør. Alle brørne vart spelemenn, og tok vare på tradisjonen etter faren, som og hadde vore ein førande spelemann i Tuddal. Han og broren Olav Løndal følgde faren på spelferder i unge år, og kom snøgt i kontakt med folkemusikkmiljøet slik det fanst på den tid. Sjølv var Kjetil Løndal mykje i lag med Johannes Dale og lærde mykje av han, mellom anna mange av dei slåttane Johannes hadde dikta sjølv.

Attåt livet som spelemann, var Kjetil Løndal og tømrar og ein god skilaupar i unge år. I 1939 reiste han og kona Edvine til Oslo, der Kjetil vart vaktmeistar i Casparisgate, og vart buande der til han døydde, men heldt spelet ved like så lenge han levde. Han var aktiv i Laget for Folkemusikk i Oslo og hadde eit vidt kontaktnett av spelemannsvener som kom innom til han.

Kjetil Løndal spela inn om lag to hundre slåttar for NRK, og sette pris på ny teknologi. Han var nøye med spelet sitt, og nytta ofte opptaksutstyr for å perfeksjonere seg. Han spela konstant, og kvar dag, om han hadde helse til det. Hardingfeleverket har trykt opp 26 slåttenedskrifter etter Kjetil Løndal.

Han var musikalsk leiar for spelgruppa i Laget For Folkemusikk frå 1945 til 1980, og sat ei tid som leiar for laget. Han var og leiar for Landslaget for Spelemenn frå 1950 til 1952.

Kjetil Løndal hadde eit varmt og klokkereint spel, og visste å føre seg på ei scene. Han sytte støtt for å halde instrumentet i orden, og slo hardt ned på andre spelemenn som ikkje tok dette så nøye. Denne medvetne framferda gjorde at han var mykje nytta som konsertspelemann. Han var mellom anna i USA fleire vender og spela til stor åtgaum der. I 1972 spela han for fem tusen menneske i Washington D.C.

Sjølv om Kjetil Løndal lika seg best på konsertscena, var han og ein dugande dansespelemann, og hadde førstepremie i telespringar frå landskappleiken 1954. Som spelemann vann han Landskappleiken fire vender. I Oslo heldt han mange kurs i telespringar, og lærte opp ein generasjon med dansarar der.

Kjetil Løndal kan moglegvis reknast til dei fremste norske folkemusikkutøvarane på 1900-talet, og fekk Kongens fortenestmedalje i gull på sine eldre dagar. Han døydde i Oslo i 1987.