Kjeungskjær fyrstasjon
Kjeungskjær fyrstasjon er eit fyr som ligg i Bjugnfjorden i Ørland kommune i Trøndelag.
Kjeungskjær fyrstasjon Foto: Gerd A.T. Müller | |||
Fylke | Trøndelag | ||
---|---|---|---|
Kommune | Ørland | ||
Funksjon | Leifyr | ||
Oppretta | 1880 | ||
Koordinatar | 63°43.6084′N 9°31.8482′E / 63.7268067°N 9.5308033°E | ||
Fyrtårn | |||
Høgd | 20,6 | ||
Form | Fyrbygning med tårn | ||
Fyrlys | |||
Lyskarakter | Okkulterande kvart 6. sekund | ||
Lyshøgd | 17,5 moh. | ||
Lysvidde | 9,9 nm | ||
Status | |||
Eigar | Staten | ||
Automatisert | 1987 | ||
Avfolka | 1987 | ||
Vernestatus | Freda etter lov om kulturminne | ||
Kjeungskjær fyrstasjon 63°43′37″N 9°31′50″E / 63.7269°N 9.5306°E | |||
Den 20,6 meter høge fyrbygningen er åttekanta og står på eit lite skjer utanfor Ørlandet. Fyret er bygd i 1880, men vart gjort høgare i 1906 med lykta plassert på taket. Naustbygningen er bygd tett inntil tårnet. Bustaden på stasjonen er ein del av sjølve fyrtårnet. Det opphavlege franske linseapparatet er framleis i bruk. Kjerungskjær vart automatisert og avfolka i 1987.
Området som fyrstasjonen ligg i er fuglelivsfreda etter lov om naturvern. Som ein særs særprega fyrstasjon er fyret freda etter lov om kulturminne.
Sjå òg
endreKjelder
endre- «Norsk fyrliste 2008 - side 418» (PDF - 15 mb). Kystverket.
- «Kjeungskjær fyrstasjon». Norsk Fyrhistorisk Forening.
Bakgrunnsstoff
endre- Kjeungskjær fyrstasjon i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren