Kjos kyrkje

tidlegare kyrkje i Gran

Kjos kyrkje stod ved garden Øvre Kjos (gnr. 33) nordvest for Brandbu tettstad i Gran kommune i Innlandet fylke. Soknet er omtala på 1300-talet, men på 1500-talet var kyrkja anneks til Tingelstad. I 1570-åra vert det fortalt at kyrkjegodset til Kjos er lagt under Tingelstad og inventaret overført til Hamar domkyrkje.[1] Jens Nilssøn stadfestar i sin visitasrapport (1594) at kyrkja er ute av bruk.[2] Kallsboka frå 1732 omtalar kyrkja som ei trekirke — truleg ei stavkyrkje — som framleis står, men i 1743 melder sokneprest Hannibal Hammer at kyrkja er borte.[3] Nicolay Nicolaysen[4] hevdar: «Paa Øvre Kjos stod tilforn en kirke eller et kapel af stavverk.» Delar av ein portalplanke vart observert på garden i 1811, men er sidan forsvunnen.

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. Sigurd Kolsrud, red. (1929). Oslo og Hamar bispedømes jordebok 1574–1577 (Povel Huitfeldts stiftsbok). Oslo. s. 190. 
  2. Yngvar Nielsen (1885), red. (1981). Biskop Jens Nilssøns visitatsbøger og reiseoptegnelser 1574–1597. Carl Zakariasson. s. 285. 
  3. Hadeland. Bygdenes historie 1, s. 267.
  4. Nicolay Nicolaysen (1862). Norske fornlevninger: En oplysende fortegnelse over Norges fortidslevninger, ældre en reformationen og henførte til hver sit sted. Kristiania. s. 134.