Tingelstad gamle kyrkje
Tingelstad gamle kyrkje (ofte kalla St. Petri) er ei steinkyrkje frå mellomalderen på Tingelstadhøgda i Gran kommune i Innlandet fylke. Ein meiner at kyrkja vart oppført omkring 1220, då tømmeret i takkonstruksjonen skal vere felt i 1219–20.
Tingelstad gamle kyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Kommune | Gran | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Hamar | ||
Prosti | Hadeland og Land | ||
Sokn | Gran/Tingelstad | ||
Fellesråd | Gran | ||
Type | Langkyrkje | ||
Teknikk | Mur | ||
Material | Stein | ||
Innvigd | Ca. 1220 | ||
• Vigd til | Apostelen Peter (omstridt) | ||
Takryttar | På skipet | ||
Kor | 7 m x 8,5 m | ||
Skip | 14 m x 11 m | ||
Kyrkjegard | Nei | ||
Preikestol | Knud og Rasmus Hansen, 1579 | ||
Døypefont | Ca. 1600 | ||
Altartavle | Isak Israelsen, 1699 | ||
Sitjeplassar | Ca. 100 | ||
Diverse | Gotisk krusifiks over koropninga | ||
Tingelstad gamle kyrkje 60°23′38″N 10°30′37″E / 60.3939°N 10.5102°E | |||
Wikimedia Commons: Tingelstad gamle kirke |
Kyrkja kom ut av bruk då Tingelstad nye kyrkje vart innvigd i 1866. Den gamle kyrkja vart då stengd, men ikkje riven. Inventaret er noko av det best bevarte eldre kyrkjeinteriøret i landet, men berre steinalteret og krusifikset over korbogen er frå mellomalderen. Eit gamalt altarfrontale er i Oldsaksamlinga, og det er laga ein kopi til kyrkja. Også den opphavlege vindfløya herfrå er i Oldsaksamlinga.
-
Korboge med krusifiks
-
Våpenskjold for Kristian IV på nordveggen i skipet
-
Den ophavelege vindfløya frå Tingelstad gamle yrkje
Litteratur
endre- Ekroll, Øystein, Stige, Morten og Havran, Jiri (2000). Kirkene i Norge, bind 1: Middelalder i stein. Oslo: ARFO. s. 62-65. ISBN 82-91399-09-3.
- Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 584. ISBN 82-7527-022-7.
- Bugge, Anders (1932). «Kirkene i gammel og ny tid». Hadeland: Bygdenes historie I. Oslo: Nationaltrykkeriet. s. 206-223.
- Magerøy, Ellen Marie (1983). Norsk treskurd. Oslo: Det Norske Samlaget. s. 144-145. ISBN 8252123414.
- Blindheim, Martin (1983). De gyldne skipsfløyer fra sen vikingtid. Bruk og teknikk. XLV1-1982. Oslo: Viking.
- Plather, Unn, Hohler, Erla B., Morgan, Nigel J., Wichstrøm, Anne (2005). Painted Alterfrontals of Norway 1250-1350. Oslo. ISBN 1-873132-93-X.
Bakgrunnsstoff
endre- «Tingelstad gamle kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- Gran/Tingelstad kyrkjelyd
- Tingelstad gamle kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren