Klarinettkvintett av Mozart

Kvintett for klarinett og strykarar, K. 581, vart skriven av Wolfgang Amadeus Mozart i 1789 for klarinettisten Anton Stadler. Ein klarinettkvintett er eit verk for ein klarinett og ein strykekvartett (to fiolinar, ein bratsj og ein cello). Sjølv om han opphavleg vart skriven for bassettklarinett, vert det nesten alltid spelt på ein klarinett i A eller B. Det var den einaste klarinettkvintetten Mozart gjorde ferdig og eit av dei tidlegaste og mest kjende verka for instrumentet. Det er usedvanleg populært i dag på grunn av den lyriske melodien med den andre satsen som mest kjend.

Klarinettkvintett
K. 581
Klarinettkvintett av Wolfgang Amadeus Mozart
SjangerKammermusikk
PeriodeWienerklassisismen
KomponertSeptember 1789
Typisk lengd32:29
Satsar/akter4
ToneartA-dur
Partitur med historisk klarinett

Eit fragment av partituret finst for ein andre (kanskje den første) klarinettkvintett i B.

Komponisten indikerte at verket var ferdig den 29. september 1789. Kvintetten vert stundom kalla Stadlerkvintetten, sidan Mozart kalla han dette i eit brev frå april 1790.

Struktur endre

Verket består av fire satsar:

  1. Allegro, 4/4
  2. Larghetto, 3/4 i D-dur
  3. MenuettoTrio I — Trio II, 3/4 (Trio I i a-moll)
  4. Allegretto con Variezioni, 2/2

Det er fleire likskapar mellom denne kvintetten og Klarinettkonserten. Begge er i A-dur og vart skriven for same solist, Anton Stadler. Mozart skreiv òg ein trio for klarinett, bratsj og piano for Stadler, den såkalla Kegelstatt-trioen, i 1786.

I lag med Klarinettkonserten, vert Klarinettkvintetten til Mozart rekna som favorittmusikken til pave Benedikt XVI.[1]

Kvintetten vart nytta i «Goodbye, Farewell and Amen», den aller siste episoden av fjernssynsserien M*A*S*H.

Kjelder endre

  1. Pope Benedict XVI, Mozart and the Quest of Beauty Arkivert 2011-09-26 ved Wayback Machine., Catholic Education Research Center. Retrieved oktober 19 2010.

Bakgrunnsstoff endre