Opna hovudmenyen

Klassisk indisk dans er eit samleomgrep for ulike indiske danseformer med opphav i natya, heilage musikalske framføringar innan hinduismen. Teorien bak dansen kan sporast tilbake til verket Natyasjastra frå 300-talet f.Kr. Dansane har typisk visse fastlagde talande auge- og handrørsler som bidreg til å fortelja ei forteljing, faste kostyme og gjerne også faste rollar. Utøvinga av desse dramaformene treng ikkje berre omfatta dans, men kan også innehalda song, tale og bruk av musikkinstrument.

DanseformerEndra

Sangeet Natak Akademi gjev åtte indiske danseformer status som klassiske: Bharatanatyam, kathak, kathakali, kuchipudi, manipuri, mohiniyattam, odissi og sattriya.[1][2] Det finst også andre dansar som kan kallast klassiske, til dømes gaudiyanritya frå Bengal og andhranatyam frå Andhra Pradesh.

Danseform Opphav Bilete
Bharatanatyam Tamil Nadu    
Kathak Uttar Pradesh    
Kathakali Kerala    
Kuchipudi Andhra Pradesh    
Manipuri Manipur    
Mohiniyattam Kerala    
Odissi Orissa    
Sattriya Assam    

KjelderEndra

FotnotarEndra

  1. «Indian Classical Dance». One India. 19. april 2009. Henta 11. juni 2010. 
  2. Narayan, Shovana (2005). Indian classical dances: "ekam sat vipraah bahudaa vadanti". Shubhi Publications. s. 5. 
  Denne kulturartikkelen som har med India å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.