Opna hovudmenyen
Kathakaliframsyning.

Kathakali (malayalam കഥകളി, sett saman av katha, 'soge' og kali, 'spel') er ei form for indisk danseteater særleg knytt til Kerala ved vestkysten av Sør-India. Dansen kan førast tilbake til 1600-talet. Kathakalidansarar er kjenneteikna av særs omfattande kostyme, sminke og masker. Tradisjonelt blir alle rollene spelte av menn. Dansarane sine handgestar, ansiktsuttrykk og fotrørsler og musikarane sin song og perkusjon verker saman for å fortelja ei soge, som regel med religiøst innhald.

Pachcha-kathakalidansar.

BakgrunnEndra

 
Handgester brukte i kathakali, frå Ernakulam i Kochi.

Kathakali oppstod på 1600-talet som ei vidarutvikling av tradisjonelle former som krishnanattam, ramanattam og kutiyattam, og har fellestrekk med yakshagana frå Karnataka. Mudraene, eller handgestene, som ein bruker til å uttrykka meining er kjende frå det meste av klassisk indisk dans og frå et klassiske danseverket Natyasjastra. Dansen har også trekk frå folkekunst og ritual frå Kerala som mudiyettu, thiyyattu, theyyam, padayani, og folkekunstforma porattunatakam. Kathakalidansarar trener også ofte på element frå kampsporten kalaripayattu.

 
Sceneteppe og lampe.

FramsyningEndra

Kathakaliframsyningar tek gjerne for seg forteljingar frå hinduepos som Ramayana, Mahabharata eller frå annan religiøs litteratur. Det finst også døme på nyskrivne stykke som byggjer på til dømes bibelforteljingar, Homer, Shakespeare eller Goethe.

Tradisjonelt varer ei framsyning ei heil natt og blir gjerne framført utandørs. Ein stor oljelampe fremst på scena kan brukast som einaste lyskjelde. I dag er det vanlegare med førestillingar som berre varer nokre timar, og dei kan også framførast på ei innandørs scene. Ein bruker få sceneeffektar, men har gjerne ein krakk til å sitja eller stå på. Eit handhalde, fargesterkt sceneteppe blir brukt før framsyning og ved sceneskifte.

Ein kathakalitrupp har typisk eit dusin dansarar, fire songarar og fire perkusjonistar, men kan også ha om lag halvparten så mange utøvarar. I tillegg trengst spesialtrena sminkørar. Perkusjon markerer rytme og dramatikk, songarane kan synga delar av handlinga, medan dansarane hovudsakleg mimar tale og stemning. Mimikk i auge, munn og andlet og rørsler med armar, hender, fingrar og føter bidreg alle til dansespelet.

DansararEndra

 
Fjeset til ein kathi-figur
 
Karutha thaadi

Dansarane har store kostyme, ofte med struttande skjørt, langerma jakke, halskjede og kransar og høg hovudpryd. Visse lett attkjennbare figurar går att i dei ulike førestillingane. Dei kan ha ulike roller, men har like funksjonar ut frå kva type dei høyrer til. Grønt eller gult fjes tyder at figuren hovudsakleg er god (fylt av sattva, dygd). Gode figurar med ein hang til vondskap (tamas, nedrige kjensler eller lyster) har raude striper på grøn bakgrunn. Figurar som er heilt fylt av vondskap er kjenneteikna av raude eller svarte fjes og eventuelt også skjegg, bryst og føter.

 
Asket og kvinnefigur med gulsminka andlet.
 
Nærbilde av pachcha og chuvanna thaadi-figurar.
  • Pachcha ('grøn'): Ein mannleg heltekarakter, kjenneteikna av eit grønsminka andlet. Dette kan anten vera ein gud eller ein god person, ofte ein fyrste. Rama og Krisjna er typiske døme på roller spelte av denne figuren.
  • Kathi ('kniv'): Stolte og slue figurar, gjerne av adeleg opphav, noko som blir uttrykt av grønmåla andlet, men med negative trekk, som kan uttrykkast gjennom oppovervende bartar og kvite duskar på nasen. Demonkongen Ravana blir til dømes framstilt som denne figuren.
  • Thaadi ('skjegg'), delt inn i:[1]
    • Vella thaadi ('kvitskjegg'), brukt for å framstilla særs gode figurar som Hanuman, Sjiva og Balarama.
    • Chuvanna thaadi ('raudskjegg'): Maktsjuke og vondskapsfulle figurar kjenneteikna av svarte fjes og blodraude skjegg.
    • Karutha thaadi ('svartskjegg'): Primitive figurar
  • Kari ('svart'): Demonar og hekser, dei skrekkelegaste og vondaste figurane, er kjenneteikna av svarte andlet og gjerne store, svarte bryst.
  • Minukku ('strålande'): Edle kvinner og asketar kjenneteikna av lysegule andlet og ofte nokså realistisk kledde i fargerike sariar og slør for kvinner og kvite eller oransjegule sarongar for asketar.

Sminka blir laga av naturfargar: Kvitt av rismjøl, raudt av sinober, svart av sot og så bortetter.

Medan dei fleste dansarane er menn, har det sidan 1970-åra også funnest kvinnelege kathakalidansarar.

MusikkEndra

 
Under ei framsyning står musikarane bak eller på sidene av dansarane.

Songarane syng på malayalam med sanskritelement eller manipravalam i karnatisk musikkstil. Bruken av morsmål gjer at tilhøyrarane kan følgja med på forteljinga.

Dei vanlegaste instrumenta brukte til dansen er trommene chenda, madhalam og tidvis edakka, gongongen chengila og cymbalane ilathalam. Songarane bruker ofte rytmeinstrument i tillegg til å synga, og forsongaren kan bruka gongongen til å leia musikken.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. Chuvanna Thaadi - Kathakali Make-up, indiavideo.org

BakgrunnsstoffEndra