Kleive kyrkje er ei åttekantkyrkje (kyrkje med åttekanta grunnplan) i empirestilKleive i Molde kommune, vigsla i 1858.

Kleive kyrkje
kyrkje
Kleive kyrkje i Molde kommune
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Molde
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Møre
Prosti Molde domprosti
Type Åttekantkyrkje
Arkitekt Christian H. Grosch
Byggmeister Bottolv Groven
Material tre
Innvigd 1858
 - Endringar Restaurert innvendig 1980
Tårn ja
Kyrkjegard ved kyrkja
Preikestol frå 1697
Altartavle Måla av Øyvind Nilsen, med motivet av Jesus Kristus
Sitjeplassar 270
Kart
Kleive kyrkje
62°47′56″N 7°39′18″E / 62.799°N 7.6551°E / 62.799; 7.6551
Wikimedia Commons: Kleive kirke

Kyrkja, som er i tre og har om lag 270 plassar, vart bygd etter standardteikningar som arkitekt Christian H. Grosch hadde utarbeidd.[treng kjelde] Byggmeister var Bottolv Groven frå Kleive. Riksantikvaren har registret kyrkja på lista over verneverdige bygningar.

Kleive kyrkjes forgjengarar endre

I Trondhjems Reformats 1589, ein kommisjonsrapport over den lokalkyrkjelege økonomien i Trondhjems stift, er det tale om ei stavkyrkje på Kleive. Denne stavkyrkja var riven i 1697 og erstatta same året av ei krosskyrkje bygd i tømmer. I 1857 vart korskyrkja riven og erstatta av den kyrkja som står på staden no.

Bakgrunnsstoff endre

  • Th. Petersen og Jørgen Olafsen-Holm (1939). «Kleive kyrkje». Bolsøyboka. s. 422–427. 
  • «Kleive kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja. 
  • Kleive kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren