Pave Klemens XI

(Omdirigert frå Klemens XI)

Pave Klemens XI (fødd Giovanni Francesco Albani23. juli 164919. mars 1721) var pave frå 1700 til 1721. Han er best kjent for den pavelege bullen Unigenitus som gjekk ut mot viktige sider av den kyrkjelege situasjonen i Frankrike, og for at han greip inn i ritestriden i Kina der han forbaud dei fleste av dei omstridde tilpassingane til kinesiske skikkar som jesuittane hadde fått igjennom.

Klemens XI

Clemens PP. XI
DåpsnamnGiovanni Francesco Albani
Fødd23. juli 1649
Urbino
Død19. mars 1721
Roma
Føregangar:Innocens XII
Etterfylgjar:Innocens XIII

Tidleg liv

endre

Albani vart fødd i Urbino i ein adelsfamilie som opphavleg hadde frå det nordlege Albania på 1500-talet, og stamma frå soldatar under albanske prinsen Gjergj Kastriot Skanderbeg som kjempa mot Det osmanske riket. I løpet av pavetida hans vart verket Illyricum Sacrum, ei av dei viktigaste kjeldene innan albanologi, ferdigstilt.

Han var guvernør av Rieti and Urbino, og vart gjort til kardinal av pave Aleksander VIII, som han etterfølgde som pave den 23. november 1700.

Kjelder

endre