Kleppmjølk

Kleppmjølk[a] er ei mjølkesuppe med mjølbollar, «kleppar» i. Retten har vore brukt til dessert eller kveldsmat og kan serverast med kanel og sukker.

Ein kan lage retten med utgangspunkt i mjølk, egg og mjøl som ein rører saman til ei tjukk røre. Røra vert lagd med skei i ein kjele med kokande mjølk og trekker til bollane er ferdig kokte og mjølsmaken er borte.

Opphavleg har ein brukt mjøl av bygg, som var kornslaget som oftast vart dyrka på gardane. Då ein fekk betre tilgang på kveitemjøl på 1800- og 1900-talet, vart gjerne byggmjølet heilt eller delvis bytt ut med kveite. Bollane vart då meir luftige, særleg i kombinasjon med egg i røra.

UtbreiingEndra

Det finst inga oversikt over utbreiinga og bruken av retten i dag, men nokre tilfelle viser at kleppmjølk kan serverast i staden for risengrynsgraut på laurdagar, mellom anna i Nord-Noreg. Retten har òg vore brukt i Møre og Romsdal, gjerne under namnet krumvelling.

Det finst òg oppskrifter med kardemomme i bollane. Frå Østfold skildrar ein retten som klotmjølk, og ei oppskrift viser til at suppa kan smaksettast med anis.

MerknaderEndra

  1. også kjend som kleppsuppe, bollemjølk, klotmjølk, klotvelling og krumvelling

KjelderEndra