Kardemomme
Kardemomme er ei fleirårig urt i ingefærfamilien med frø som blir brukt som krydder. Arten stammar frå Malabarkysten sør i India. Ein dyrkar kardemomme særleg i Sri Lanka, Søraust-Asia, Jamaica, Guatemala og Australia.
Kardemomme | |
Kardemomme | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Ingefærordenen Zingiberales |
Familie: | Ingefærfamilien Zingiberaceae |
Underfamilie: | Alpinioideae |
Stamme: | Alpinieae |
Slekt: | Elettaria |
Art: | Kardemomme E. cardamomum |
Vitskapleg namn | |
Elettaria cardamomum |
Skildring
endreFrå ein jordstengel veks det opp 4–5 m høge bladberande skot og 0,5 m høge blomstrande skot. Blada er lansettforma og mørkegrøne på oversida og lyst grøne på undersida. Blomane sit i klasar og er røyrforma, usymmetrisk bygde, med grønkvite kronblad og begerblad. Den iaugefallande delen av blomen består av ein omdanna kvit pollenberar med djupraude striper. Frukta er ei treromma kapselfrukt med brune til svarte, aromatiske frø.
Bruk
endreKardemomme er eit urgammalt krydder med eit ujamnt geografisk forbruksmønster. Nesten halve verdsproduksjonen blir brukt i den nære Austen, særleg Saudi-Arabia, og i Skandinavia. Innan arabisk matlaging blir kardemommem særleg brukt til å smaksetja kaffi, og i indisk blir krydderet tilsett te, karriblandingar og til å tyggjast saman med betelblad. I skandinavisk mattradisjon blir kardemomme brukt i bakverk og enkelte kjøtrettar.
Kardemommeolje blir brukt i enkelte likørar.
Andre krydder med kardemomme i namnet er mellom anna siamkardemomme, javakardemomme, bastardkardemomme og svart kardemomme frå slekta Amomum.
Kjelder
endre- «Kardemomme», Store norske leksikon, 28. november 2014