For fjellet i Slovakia, sjå Klin i Tatra

Klin (russisk Клин) er ein by i Moskva oblast i Russland. Han ligg 85 km nordvest for Moskva.

Klin
Клин
Horisonten til Klin
Horisonten til Klin
Flagget til Klin Byåpenet til Klin
Flagget til Klin Byvåpenet til Klin


Plassering
Klin is located in Russland
Klin is located in Moskva oblast
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Moskva oblast
Første nemnt i
Bystatus
1317
1781
Geografi
Flatevidd
 - By

17 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

81 900
  4 817,6 /km²
Koordinatar 56°20′00″N 36°42′00″E / 56.33333°N 36.70000°E / 56.33333; 36.70000
Høgd over havet 160 moh.
Diverse annan informasjon
Postnummer 141600–141613
Retningsnummer (tlf) (+7)49624
Nettstad: klin.ru

Klin har vore kjend sidan 1317. I 1482 vart han innlemma i Storfyrstedømet Moskva saman med resten av fyrstedømet Tver. Av dei mange kyrkjene i byen er den mest merkverdige 1500-talskyrkja i Maria Himmelfartsklosteret og den barokke Gjenoppstandelseskatedralen frå 1712.

Tsjaikovskij-museet i Klin

Byen er best kjend som bustaden til komponisten Pjotr Tsjajkovskij. Bustaden hans er i dag omgjort til museum. Det var her han skapte sine kjende ballettar Tornerose og Nøtteknekkeren. Klin vart kortvarig erobra av tyske styrkar under slaget om Moskva i 1941.

Den russiske hovudvegen M10, som går frå Moskva til St. Petersburg, samt jernbanen mellom dei to byane, går gjennom Klin. Under den kalde krigen låg Klin flybase ved byen.

Det ligg eit stort bryggeri i byen, som produserer ølmerket Klinskoje.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Klin