Klingon
Klingon er eit oppdikta språk som blir brukt av dei innfødde på ein framand planet i den amerikanske TV-serien Star Trek. Det har vorte teke i bruk av ein del entusiastar, som både skriv og talar språket.
Klingon tlhIngan Hol IPA: /t͡ɬɪˈŋɑn xol/ | ||
Klassifisering | Konstruert språk | |
Bruk | ||
Klingontalande i alt | 40-50 millionar | |
Rangering | 6 | |
Skriftsystem | Latinske bokstaver eller eiga klingonskrift | |
Normert av | Ingen | |
Språkkodar | ||
ISO 639-2 | tlh | |
ISO 639-3 | tlh |
Lyden av klingon blei først laga av James Doohan for Star Trek: The Motion Picture. Dei blei vidaretuvikla til eit eige språk av Marc Okrand i 1984. Han valde den sjeldne ordstillingstypen Objekt Verb Subjekt og brukte lydar frå amerikanske urfolkspråk for å få det til å høyrast så uvant og utanomjordisk som mogleg. Dette fokuset på det framande og ukjende skil det frå dei fleste andre planspråk, som er laga for å vera lette å læra og praktiske å bruka.
Fleire verk er blitt omsette til klingon, og det er laga ein eigen klingonsk wiki.