Klistremerke
Klistremerke er eit stykke papir eller plast som er påtrykt bilete eller tekst og utstyrt med lim på baksida. Bak er det vanlegvis òg eit beskyttelsesark for å hindra at limet blir øydelagd før bruk. Klistremerke kan enkelt limast på ulike gjenstandar for å dekorera eller merka dei.
Nokon samlar på klistremerker og bytar dei med andre samlarar.[1]
Typar klistremerke
endreDet finst ei stor mengd klistremerketypar med ulike motiv, men merka kan grovt sett delast inn i to grupper:
- Opplysande klistremerke har ein praktisk funksjon og blir brukt for informasjon eller til å merka noko. Slike klistremerke blir brukt som skiltliknande merking, til dømes for å markera ein naudutgang, ein strømførande kabel, innpakka mat kjøttdeig eller ei postkasse. Også frimerke og prislappar med lim er opplysande klistremerke.
- Dekorative klistremerke har motiv som først og fremst skal vera fine eller oppsiktsvekkande. Slike klistremerke rettar seg ofte mot barn, og kan vera ei handelsvare i seg sjølv eller til dømes leggjast i tyggegummipakkar eller blad. Klistremerka kan òg vera reklame, logoar og anna som blir delt ut gratis. Dei kan dessutan brukast som hobbyartiklar innan scrapbooking, det vil seia til dekorering av personlege fotoalbum. Dekorative klistremerke kan i tillegg brukast for å spreia politiske bodskap, tankar og kjensler. Slike merke blir ofte brukt på linje med graffiti og anna gatekunst eller som små plakatar på lyktestolpar og anna for å informera om arrangement og liknande.
Decal er ei spesiell form forklistremerker eller overføringsbilete av ulikt slag. Dei kan overførast med strykejern til tøy, vætast og overførast som tynne hinner til til dømes byggesett, og lima som skiltdekor på bussar og bilar med meir.
Sjå òg
endreReferansar
endre- ↑ «Interview With Cindy Hinant». Arkivert frå originalen 29. november 2014. Henta 20. november 2014. Arkivert 2014-11-29 ved Wayback Machine.
- Denne artikkelen bygger på «Klistremerke» frå Wikipedia på bokmål, den 6. desember 2020.