Klosters, offisielt Klosters-Serneus, er ein kommune i distriktet Prättigau/Davos i den sveitsiske kantonen Graubünden. Kommunen har 3 892 innbyggjarar (2010) og eit areal på 193 km². Kommunesenteret ligg 1 179 meter over havet, ca. 10 km frå Davos.

Klosters-Serneus
Klosters Dorf
Klosters Dorf
Klosters Dorf
Kommunevåpenet til Klosters-Serneus
Kommunevåpenet til Klosters-Serneus


Plassering
Klosters-Serneus is located in
Styresmakter
Land  Sveits
Kanton Graubünden
Distrikt Prättigau/Davos
Geografi
Flatevidd
 - kommune

193,16 km²
Innbyggjarar
 - kommune (desember 2010)
   - folketettleik

3 892
  20,1 /km²
Koordinatar 46°53′0″N 9°53′0″E / 46.88333°N 9.88333°E / 46.88333; 9.88333
Høgd over havet 1179 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 7250 Klosters-Platz
7252 Klosters-Dorf
7249 Serneus
Nettstad: www.klosters-serneus.ch

Turisme er hovudnæring, og Klosters er særleg kjend som vintersportstad, 150 km frå Zürich, den næraste internasjonale flyplassen. Reisa tar kring 1,5 time. Klosters ligg 10 km frå Davos.

Stützbach mellom Klosters og Davos-Laret

Kommunen ligg i Klosters kreis og vart skapt i 1865 då dei tidlegare kommunane Serneus og Klosters vart slått saman. Kommunen har i nordaust ei om lag 15 kilometer lang grense til Austerrike. Verstanclahorn, ein av toppane i Silvrettafjella, er det høgste fjellet i Klosters-Serneus.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre