Prättigau (retoromansk Partenz eller Purtenza) er eit landskap i den sveitsiske kantonen Graubünden. Det består av den 40 km lange dalen til elva Landquart mellom fjellkjeda Rätikon i nord og Plessur-Alpane i sør. Dalen strekkjer seg frå søraust til nordvest. Kryssar ein Wolfgangpasset (1631 moh) øvst i Prättigau, kjem ein sørover til Davos. Flüelapasset (2383 moh.) i aust dannar sambandet til Engadin. Via fotstiar, t.d. over Schlappinpasset (2203 moh.), er det òg kontakt til den austerrikske dalen Montafon i nord.

Prättigau/Davos
Bezirk Prättigau/Davos
distrikt
Land  Sveits
Kanton Graubünden
Hovudstad Davos
Areal 853,40 km²
Folketal 26 198  (2010)
Kommunar 15
Kart
Prättigau/Davos
46°48′00″N 9°49′00″E / 46.8°N 9.8166666666667°E / 46.8; 9.8166666666667
Kart som viser Prättigau/Davos.
Kart som viser Prättigau/Davos.
Kart som viser Prättigau/Davos.
Wikimedia Commons: Prättigau/Davos (district)

Saman med kommunen Davos utgjer Prättigau (under namnet Bezirk Prättigau/Davos på tysk og Il district dal Partenz/Tavau på retoromansk) eit forvaltningsdistrikt i Graubünden. Distriktet dekker eit areal på 853 km² og har litt over 26 000 innbyggjarar. Området er nesten reint tysktalende (90 %). I dei to høgastliggjande kommunane (Davos og Klosters) talar ein walsertyske dialektar.

Prättigau/Davos sine nabodistrikt er Landquart og Plessur i vest, Albula og Maloja i sør, og Inn i aust. Dessutan grensar det til Vorarlberg (Austerrike) i nord. Det finst ingen direkte vegsamband til distriktet Maloja eller til Austerrike.

Distrikta i Graubünden er reint administrative einingar. Prättigau/Davos består av sju krinsar (Kreise) og 15 kommunar (Gemeinden), som har stor grad av politisk sjølvstyre. Desse er:


Kreis Davos / Circul da Tavau
Kommune Areal
(km²)
Folketal Språk
tysk ret. ital.
Davos 254 10 817 86 % 1 % 3 %


Kreis Jenaz / Circul da Jenaz
Kommune Areal
(km²)
Folketal Språk
tysk ret. ital.
Fideris 25 592 96 % 1 % 1 %
Furna 33 226 100 % 0 % 0 %
Jenaz 26 1148 95 % 1 %
Heile krinsen 84 1966 96 % 1 % 1 %


Kreis Klosters / Circul da Claustra
Kommune Areal
(km²)
Folketal Språk
tysk ret. ital.
Klosters-Serneus 193 3889 89 % 1 % 1 %


Kreis Küblis / Circul da Küblis
Kommune Areal
(km²)
Folketal Språk
tysk ret. ital.
Conters im Prättigau 18 225 97 % 1 % 1 %
Küblis 8 797 93 % 1 %
Saas im Prättigau 27 757 97 % 0 % 0 %
Heile krinsen 53 1779 95 % 1 % 1 %


Kreis Luzein / Circul da Luzein
Kommune Areal
(km²)
Folketal Språk
tysk ret. ital.
Luzein 32 1164 98 % 0 % 0 %
St. Antönien 52 360 98 % 0 % 0 %
Heile krinsen 84 1524 98 % 0 % 0 %


Kreis Schiers / Circul d'Aschera
Kommune Areal
(km²)
Folketal Språk
tysk ret. ital.
Grüsch 43,30 1323 94 % 1 % 0 %
Schiers 62 2418 90 % 2 %
Heile krinsen 72 3660 91 % 1 % 1 %


Kreis Seewis / Circul da Seewis
Kommune Areal
(km²)
Folketal Språk
tysk ret. ital.
Seewis im Prättigau 50 1390 93 %

Alle folketal og språkandeler byggjer på folketelkjinga frå 2005.

Kjelder

endre