Knoppurtslekta
planteslekt
Centaurea eller knoppurtslekta er ei planteslekt med eitt- eller fleirårige urter i korgplantefamilien. Slekta har mellom 350 og 600 artar og er utbreidd på den nordlege halvkula, i Sør-Amerika og Australia.
Knoppurtslekta | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Korgplanteordenen Asterales |
Familie: | Korgplantefamilien Asteraceae |
Underfamilie: | Carduoideae |
Stamme: | Cynareae |
Understamme: | Centaureinae |
Slekt: | Knoppurtslekta Centaurea L., 1753 |
Dei fleste artane finst i Middelhavsområdet, og på steppene i Aust-Europa og Asia. I Europa er det ca. 200 artar. Plantane liknar på tistlar. Dei viltveksande artane i Noreg har raude blomstrar, og har ikkje stikkande blad. Mange artar i denne slekta blir dyrka som hageplantar.
Nyare forsking har synt at denne slekta bør delast i fleire mindre, men det er enno (2012) ikkje komme fram til ein ny taksonomi.
Norske artar
endre- Raspknoppurt C. aspera Sjeldsynt ugras.
- Tistelknoppurt C. calcitrapa Sjeldsynt ugras.
- Kornblom C. cyanus. Tidlegare vanleg som ugras i kornåkrar, derav namnet. No hageplante.
- Engknoppurt C. jacea. Vanleg på Aust, Sør- og sørlege delar av Vestlandet, mer spreidd nord til Finnmark.
- Honningknoppurt C. montana Ikkje viltvoksande i Noreg, men ei hageplante, som ofte blir forvilla.
- Svartknoppurt C. nigra Kyststrøk frå Østfold til Trøndelag.
- Parykk-knoppurt C. phrygia ubssp. phrygia. Berre i Verran kommune i Nord-Trøndelag.
- Skjeggknoppurt C. phrygia subsp. pseudophrygia Kyststrøk frå Vest-Agder til Sogn.
- Fagerknoppurt C. scabiosa. Vanleg på Austlandet, meir spreidd nord til Troms.
- Stjerneknoppurt C. solstitialis Sjeldsynt ugras.
Parykk-knoppurt og skjeggknoppurt, Centaurea phrygia, er freda etter Naturvernloven.
Bakgrunnsstoff
endre Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Knoppurtslekta