Verran kommune
Verran er ein tidlegare norsk kommune i Trøndelag fylke, fram til 1. 1. 2020. Området ligg langs fjordarmen Beistadfjorden inst i Trondheimsfjorden. Han grensa i nord mot Steinkjer og Namdalseid, i sør mot Inderøy, Leksvik og Rissa, og i vest mot Åfjord. Verran var opphavleg to kommunar, Malm og Verran, som vart slegne saman til éin kommune i 1964. 1. januar 2020 vart Verran kommune, bortsett frå Verrabotn, slått saman med Steinkjer kommune. Verrabotn vart slått saman med Indre Fosen kommune.
Verran kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Trøndelag | ||
Adm.senter | Malm | ||
Areal | 602 km² | ||
• land | 559 km² | ||
• vatn | 43 km² | ||
Målform | nøytral | ||
Ordførar | Anders Lindstrøm (Ap) | ||
Kommunenr. | 5039 | ||
Verran kommune 64°01′27″N 10°58′44″E / 64.024166666667°N 10.978888888889°E | |||
Kart som viser Verran kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Verran | |||
Nettstad: www.verran.kommune.no |
Kommunen er lang og smal. Total strandline er om lag 80 km. Det høgste fjellet i kommunen er Sandvassheia på 655 moh. Største tettstad er kommunesenteret Malm, der om lag 1 600 av av dei totalt 2 644 innbyggjarane bur. Andre tettstader er Follafoss, Verrastranda og Verrabotn.
Hovudnæringa i kommunen er industri, ein sektor der rundt halvparten av den yrkesaktive folkesetnaden er sysselsett. Andre store sektorar er handel- og servicenæringa, og jordbruksnæringa. Jernmalmgruvene i Malm vart drivne frå 1906 til 1997. Cellulosefabrikken Södra Cell Folla er den største arbeidsplassen i Follafoss.
I 2006 lova regjeringa tre millionar kroner til småsamfunnsprosjektet i Verran. Det var eit pilotprosjekt over fem år med ei ramme på seks millionar kroner, finansiert i felleskap av Kommunal- og regionaldepartementet, fylkeskommunen og kommunen. Målet var å stabilisere folketalet, setje fokus på trivsel og auke talet på robuste arbeidsplassar i kommunen.
Bakgrunnsstoff
endre- Verran kommune sine heimesider Arkivert 2016-06-05 ved Wayback Machine.
- Artikkel frå Trønder-Avisa om ordførarbyte Arkivert 2007-09-30 ved Wayback Machine.