Kornblom
Kornblom
Kornblom
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Orden: Korgplanteordenen Asterales
Familie: Korgplantefamilien Asteraceae
Underfamilie: Carduoideae
Stamme: Cynareae
Understamme: Centaureinae
Slekt: Knoppurtslekta Centaurea
Art: Kornblom C. cyanus
Vitskapleg namn
Centaurea cyanus

Kornblom (Centaurea cyanus) er ei plante i knoppurtslekta i korgplantefamilien. Arten liknar på tyrkarkornblom, men er noko større enn denne. Han var tidleg eit vanleg ugras i åkrar, men blir i dag gjerne dyrka som prydplante.

Kornblom-knopp

Skildring endre

Kornblom er ein eittårig urt med opprett stengel, smale blad og intenst blå blomstrar. Stengelen er ofte greina og kan bli nesten éin meter lang. Både blad og stengel er gråfilta.

Historie endre

Pollen frå kornblom er funne i torv som vart danna rett etter slutten av siste istid, noko som syner at den var ei pionerplante i den opne og næringsrike jorda som ein kunne finne då. Da menneska tok til å dyrke korn, vart kornblom eit vanleg ugras i kornåkrane, saman med for eksempel kornvalmue, gullkrage og klinte. Betre frørensing har ført til at desse plantene nesten er forsvunne, men kornblom blir dyrka i hagar på grunn av dei vakre blomstrane.

Kornblom er eigentleg ei europeisk plante, men har spreidd seg til andre verdsdeler der korn blir dyrka i temperert klima, som Nord-Amerika, Argentina, Sør-Afrika og Australia. På grunn av bruk av ugrasmiddel har kornblom blitt mindre vanleg enn tidlegare på åkerland. I Noreg er kornblom funne nord til Troms, men den er nå blitt sjeldsynt.

Kornblom er òg nytta som hageplante.

Symbol endre

Kornblom er nytta som symbol i mange samanhengar:

Kornblom var òg den svenske rösträttsrörelsen sitt symbol.

Nokre kultivarar endre

 
Kvit kornblomkultivar med rosa senter.

Det finst ei lang rekke kultivarar med ulike fargar.

  • Centaurea cyanus 'Black Ball'
  • Centaurea cyanus 'Black Boy'
  • Centaurea cyanus 'Blue Boy'
  • Centaurea cyanus 'Blue Diadem'
  • Centaurea cyanus 'Frosted Queen'
  • Centaurea cyanus 'Classic Romantic'
  • Centaurea cyanus 'Black Gem'
  • Centaurea cyanus 'Polka Dot'
  • Centaurea cyanus 'Classic Fantastic'

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

 
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Centaurea cyanus